Næringsprisen 2020 til Eiksenteret Ørsta

Ordførar Stein Aam delte ut næringsprisen for 2020 til Eik senteret Ørsta ved deira leiarar Knut Inge Haugen og Erling Ulvestad. Foto: Maria Engeseth  

I kommunestyremøtet i dag, vart Næringsprisen 2019 utdelt med diplom og 20.000 kr. Næringsprisen for Ørsta kommune vart tildelt Eiksenteret Ørsta med følgjande grunngjeving:

Eiksenteret har lang tradisjon i Ørsta og var i fleire år lokalisert i Anders Hovdengate der dei var kjende for kvalitet, service og kompetanse. Haugen og Ulvestad vart eigarar i 2014, og selskapet hadde då ei omsetning på om lag 43 million.

Bedrifta vaks jamt og trutt, og lokala vart for små. Eiksenteret fekk nye merke innan landbruksmaskiner og andre nye produkt i sin portefølge. 

Dei to framoverlente leiarane har tort å satse, og kjøpte den gamle Grepafabrikken på Mosflata på tampen av 2017. Ein viktig hjelpar og medspelar i denne prosessen var Lars Oskar Fossen, i tillegg til Sparebank1 og Ørsta kommune. I lokala der Grepafabrikken var, har dei investert om lag 50 mill, og omsetninga i 2019 var på 107 mill kroner.

I dei flotte lokala har dei utvikla si eiga bedrift, og har samtidig lagt til rette for andre næringsaktørar. Det er i dag om lag 50 arbeidsplassar i den gamle Grepafabrikken, og det ryktast at lokala snart må utvidast!

Eiksenteret med Haugen og Ulvestad er eit lysande eksempel på etableringslyst, kreativitet og ein stor porsjon pågangsmot som vi verdset svært høgt.

Det er difor ei stor ære for meg som ordførar i dag å få dele ut næringsprisen for 2020 til Eik senteret Ørsta ved deira leiarar Knut Inge Haugen og Erling Ulvestad.

Takk for innsatsen og lykke til vidare!

Følg oss