Stønad til skredfarevurdering (næringsformål)

NB: Dette er berre eit illustrasjonsbilete av ras

Det er høve til å søkje tilskot frå næringsfondet til skredfarevurdering (næringsformål).

Føremålet med Næringsfondet er aktiv tilrettelegging for utvikling av næringsliv i heile kommunen og å sikre berekraftige næringar. Ettersom Ørsta kommune er ein av kommunane i landet med flest registrerte faresoner for skred, vil næringsfondet også kunne gje tilskot til skredfarevurderingar, der dette er naudsynt for å realisere nyetablering eller nye investeringar i eksisterande og stadbunden næring.

Meir om næringsfondet

Landbruksnæringa er viktig for heile kommunen. Difor er det naturleg at avklaringar rundt skredfare ved bygging av driftsbygningar kan få tilskot. Utleigehytter og andre næringssatsingar, som til dømes gjestegardar, vil også kunne få tilskot. Konkret vurdering vil bli gjort i kvart tilfelle, herunder konkret beløp på evt tilskot. Formannskapet avgjer tildeling som for Næringsfondet elles.

Det vert også arbeidd med ei sak som skal ta føre seg rammene for mogleg kommunal støtte til skredfarevurdering knytt til bustadhus. 

Kontakt

Per Ivar Lied prosjektleiar
48282962
@ Per Ivar Lied
Odd Magne Vinjevoll Ørsta Næringskontor
90615145
@ Odd Magne Vinjevoll

Følg oss