Konkurranse: Vintervedlikehald 2020-2024

snøplog - Klikk for stort bilete  

Ørsta kommune inviterer til konkurranse med forhandling på brøyting av kommunale og private vegar.

Konkurransegrunnlag Anbodsskjema

Brøytinga som lysast ut er delt inn i 4 roder. Det er anledning til å gi tilbod på ei eller fleire roder. 

Ørsta kommune skal ha ein avtale der ein betalar ein fast pris per time samt ein fast beredskapspris per sesong. Prisen skal dekke alle kostnadar og materiell som kontraktøren har.

Brøytinga består i  å utføre vintervedlikehaldet i Ørsta kommune etter "Prioriteringsliste l sandstrøing mv. i Ørsta kommune" (vedlegg 3).

Alle tilbydarar som oppfyller kravspesifikasjonen i konkurransegrunnlaget og leverer komplett tilbod, vil verte vurderte etter tildelingskriteria. Vi oppmodar aktuelle leverandørar om lese konkurransegrunnlaget grundig, og gje tilbod i samsvar med denne.

Frist for innlevering av anbod er 01.august 2020 kl.13.00

Anbodet skal merkast «BRØYTING 2020-2024» og sendast eller leverast til:

Ørsta Kommune v/postmottak
Dalevegen 6
6153 Ørsta

Pågåande innkjøpskonkurransar

Kontakt

Arnstein Ose Avdelingsingeniør veg
90628757
@ Arnstein Ose
Dag Jarle Aa Prosjektingeniør
97185183
@ Dag Jarle Aa

Nyhende