Treningstider 2023/2024

Utlysing av treningstider for Ørstahallen og gymsalane i kommunen. Søknadsfristar 5. juni og 1. september.

Søknad


Gymsalane på bygdene

For Dalane, Hovden, Sæbø og Vartdal sender idrettslag/grendalag inn samla oppsett på treningstider for godkjenning av hallnemnda på elektronisk skjema. Tilføyingar kan skje undervegs, så sant dei meldast inn. Oversikta skal innehalde kva aktivitet, for kva lag og ansvarleg kontaktperson.

Frist for innsending er 1. september

 

Sentrum

For Ørstahallen og Vikemarka  skal det sendast søknad. I Ørstahallen kan søkjast om fast treningstid i treningsrom , på speleflater og for friidrettsfasilitetar.

Kvart lag, også undergrupper sender eigne individuelle søknadar.

Alle søknadar skal innehalde:

  • Aktivitet
  • Namn på lag
  • Ansvarleg kontaktperson
  • Ønska oppstartstidspunkt og avslutningstidspunt

Hallnemnda gjer endeleg fordeling. Bytte av treningstid skal meldast inn.

Hallnemnda kjem til å gjere to tildelingar på hausten. Ei som gjeld frå skulestart og ei som gjeld frå oktober. Så langt det let seg gjere får dei som ønskjer det behalde treningstida si tildelt frå skulestart.

Frist for innsending er 5. juni
 

Kriterier for tildeling

  • Lag frå Ørsta kommune vert prioritert før lag frå andre kommunar
  • Tradisjonelle inneidrettar vert prioritert framfor uteidrettar
  • Hallnemnda skal syte for at gunstige treningstimar vert fordelt rettferdig så langt det let seg gjere
  • Treningstider i kjernetid vert prioritert for barneidretten
  • Treningsflatene til Ørsta kommune skal vere ein tilgjengelege for alle
  • Idrett for menneske med nedsett funksjonsevne skal tilgodesjåast med treningstid
  • Aktivitetar som gir menneske som står utanfor den tradisjonelle idretten moglegheit til fysisk aktivitet skal tilgodesjåast med treningstid.

Hallfordelingsmøte vert 12. juni kl.18.00 i Ørstahallen (set av tid til å møte).

Send inn

Søknad om treningstider for 2023/2024 kan sendast til:
Hallnemnda, Rådhuset, Dalevegen 6, 6153 Ørsta eller postmottak@orsta.kommune.no

Ved spørsmål, ta kontakt med Rebecca Riise Bjerknes Rebecca.Riise.Bjerknes@orsta.kommune.no 

Følg oss