Treningstider 2021/2022

Utlysing av treningstider - søknadsfrist 17. juni 2021.

Ørsta kommune er i ein prosess med revidering av prinsipp for tildeling av treningstid. Denne er ikkje ferdigstilt, men tildeling må gå sin gang. Det som i hvertfall er heilt sikkert er at det skal vere aktivitet i alle kommunale hallar og gymsalar også i sesongen 2021/2022.

Prinsipp for tildeling skal etter planen handsamast og ferdigstillast i møte i levekårsutvalet 1. september og kommunestyret 23.september.

I framlegg til prinsipp for tildeling er det lagt opp til følgjande:

Treningstider 21/22
Treningsflate Dagar Tid Søknadsfrist Info
Ørstahallen Måndag til fredag 15:00 – 22:30 1. juni 1. september 1. mars Treningstid vert tildelt i 3 terminar. Haust, vinter, vår.
Vikemarka Måndag til fredag 15:00 – 22:00 1. juni Treningstid på vert å sjå i samanheng med tildeling av treningstid i Ørstahallen
Dalane Måndag til fredag 16:00 – 22:00 15. august Idrettslaget/Grendalaget  sender inn fullstendig oversikt over bruk til godkjenning av hallnemnda
Hovden Måndag til fredag 16:00 – 22:00 15. august Idrettslaget/Grendalaget sender inn fullstendig oversikt over bruk til godkjenning av hallnemnda
Sæbø Måndag til fredag 16:00 – 22:00 15. august Idrettslaget/Grendalaget  sender inn fullstendig oversikt over bruk til godkjenning av hallnemnda
Vartdal Måndag til fredag 16:00 – 22:00 15. august Idrettslaget/Grendalaget  sender inn fullstendig oversikt over bruk til godkjenning av hallnemnda

 

Søknad

Gymsalane på bygdene

For Dalane, Hovden, Sæbø og Vartdal sender idrettslag/grendalag inn samla oppsett på treningstider for godkjenning av hallnemnda på e-post. Tilføyingar kan skje undervegs, så sant dei meldast inn. Oversikta skal innehalde kva aktivitet, for kva lag og ansvarleg kontaktperson.

 

Sentrum

For Ørstahallen og Vikemarka  skal det sendast søknad. I Ørstahallen kan søkjast om fast treningstid i treningsrom , på speleflater og for friidrettsfasilitetar.

Kvart lag, også undergrupper sender eigne individuelle søknadar. Alle søknadar skal innehalde kva aktivitet, for kva lag og ansvarleg kontaktperson.

Hallnemnda gjer endeleg fordeling. Bytte av treningstid skal meldast inn.

 

Kriterier for tildeling

  • Lag frå Ørsta kommune vert prioritert før lag frå andre kommunar.
  • Tradisjonelle inneidrettar vert prioritert framfor uteidrettar
  • Hallnemnda skal syte for at gunstige treningstimar vert fordelt rettferdig så langt det let seg gjere
  • Treningstider i kjernetid vert prioritert for barneidretten
  • Treningsflatene til Ørsta kommune skal vere ein tilgjengelege for alle
  • Idrett for menneske med nedsett funksjonsevne skal tilgodesjåast med treningstid
  • Aktivitetar som gir menneske som står utanfor den tradisjonelle idretten moglegheit til fysisk aktivitet skal tilgodesjåast med treningstid.

Korleis vidare tildeling blir, veit vi ikkje før endeleg handsaming i kommunestyret.

For dei laga som skal trene i gymsalan på Dalane, Hovden, Sæbø og Vartdal er det ikkje naudsynt å sende samla oversikt i denne omgang.

For dei laga som ønskjer treningstid i Ørstahallen og eller på Vikemarka ber vi om at de sender søknad på lik linje som det de har gjort tidlegar.

 

Søknadsfristen er 17. juni.

Søknad om treningstider for 2021/2022 kan sendast til:

Hallnemnda, Rådhuset, Dalevegen 6, 6153 Ørsta eller postmottak@orsta.kommune.no

Ved spørsmål, ta kontakt med Rebecca Riise Bjerknes Rebecca.Riise.Bjerknes@orsta.kommune.no 

Følg oss