Kulturprisen 2020 til Sverre Sørdal

Kulturprisen 2020 gjekk til Sverre Sørdal. Foto: Maria Engeseth  

I kommunestyremøtet i dag, vart Kulturprisen 2020 utdelt med diplom og 20.000 kr. Kulturprisen for Ørsta kommune vart tildelt Sverre Sørdal med følgjande grunngjeving:

Sverre Sørdal har i mange år vore ein entusiast og pådrivar som med ein uvanleg innsatsvilje har skapt musikkglede og godt miljø i lokalsamfunnet.

Han har i lengre periodar vore dirigent for Vartdalsstranda Skulekorps og Ørsta Hornmusikk. Som dirigent har han vist kva ein entusiastisk og målretta dirigent betyr, –  i seinare år også for Ungdomssymfoniorkesteret til kulturskulane i Ørsta og Volda. Sverre Sørdal var også rektor for Ørsta kulturskule i 1976–86.

Ørsta kommune vil verdsetje og heidre denne innsatsen med tildeling av kulturprisen i 2020.

Takk for innsatsen og gratulerer med kulturprisen 2020.

Følg oss