Hyggjeleg markering i Tussaparken

Tussaparken - Klikk for stort bileteTussaparken Øyvind Rødset Fredag 18. juni markerte kommunen at Tussaparken no er open. Dei frammøtte såg ut til å kose seg, enten dei prøvde ulike apparat, eller berre slappa av i sola. Brannvesenet grilla pølser og delte ut brus, og Bjørnis gjekk rundt og helste på dei yngste.
 

Talar og helsingar

Ordførar i Ørsta, Stein Aam, gratulerte med opninga, og fortalte om industri som tidlegare har vore i området rundt der Tussaparken no ligg. Bedrifter som var nemde var Grepa, P. E Bjørdal, Møre lenestolfabrikk, Trikotasjebygget og Mørebil. Tussa har valt å bidra til Tussaparken i høve 60-års jubileet sitt, og ordføraren trakk fram den verdiskapinga som Tussa med sine omlag 200 arbeidsplassar har tilført regionen. Vidare fortalde han at Tussaparken saman med aktivitetsparken set fokus på aktivitet og utvikling. Både Tussa og Kulturdepartementet har stilt med midlar slik at Tussaparken har blitt ein realitet. Tilseth har vore entreprenør, Norconsult har vore planleggjarar og Lars-Ivar Egset har vore prosjektleiar.

Konsernsjef og adm. direktør i Tussa Energi, Elling Dybdal, var glad over at Tussa hadde fått bidra. Han fortalde at Tussa fann det naturleg å støtte parkprosjektet sidan energiutfalding blant dei som brukar parken var eit element som kunne kombinerast med å vise fram noko rundt energiproduksjon. Tussa tenker langsiktig på det dei er med på, og trur parken vil vere med på å forme tankane til dei som brukar parken. Omsorg for natur og tilretteleggjing for born og unge er viktig. Han fortalte at det trengs 1000 liter vatn frå 420 meters fallhøgde for å kunne produsere ein kilowatt-time. Til samanlikning reknar ein at eit hardt fysisk dagsverk er ein kilowatt-time. Dette illustrerer kva energien er verd for oss. Noko å tenke på neste gong vi set på eit elektrisk apparat.

Leiar for plan- og miljøavdelinga i Ørsta kommune, Gunnar Wangen, sa også nokre ord. Han nemde fleire andre prosjekt som er realisert- eller som er under realisering, og sette Tussaparken inn i ein større samanheng med utvikling som skjer i Ørsta. Prosjekt i kommunen som han trekte fram var Svendsenhagen, Skateparken, Ørstahallen, Vidaregåande skule og nytt kulturhus. Fylkeskommunen har vore med på idé- og skissering av Tussaparken, men dei hadde ikkje anledning til å kome til markeringa. Gunnar Wangen las opp ei helsing frå Ingvild Gjerset i Tettstadsprogrammet i Fylkeskommunen:

"Vi ønsker å gratulere med ein flott aktivitetspark, som vil bidra til at Ørsta sentrum blir enno meir attraktivt for både innbyggjarar og besøkjande. Tettstadprogrammet vil rose Ørsta kommune for eit systematisk og godt arbeid med sentrumsutvikling i Ørsta, og de har no realisert tre flotte byrom; Svendsenhagen, aktivitetsområdet ved Ørstahallen og no Tussaparken. Samstundes så veit vi at både kommune og privat næringsliv jobbar for å realisere fleire bustadar, styrke handel- og næringsutvikling og gjere sentrum meir attraktivt å opphalde seg og ferdast i for mjuke trafikantar. Dette vil styrke Ørsta som bygdeby! Det kjem ny vidaregåande skule, og sjøfronten skal utviklast. Sentrumsutvikling og næringsutvikling heng saman; begge delar må jobbast med for å skape eit levande sentrum. Attraktive sentrum i dag er kjenneteikna av eit mangfald av tilbod, tydeleg identitet, ein infrastruktur som støttar byliv (dvs eit nettverk av gater og byrom) og at det bur folk der. Til lukke med dagen, vi trur at Tussaparken vil bidra til bulyst for både små og store i Ørsta!".
 

Meir om parken

Kommunen har fått ein fin park med mykje innhald for alle bruker grupper. Parken har eit variert innhald med leike- og trimapparat. der vi mellom anna kan nemne kuler m/ vipp og rotasjon, ballansestativ, Geoball, og trampoliner. 
Parken har også ein flott paviljong med grill og sitjeplassar, og ein stor parksofa plassert ved vasspeilet/fontena. 
Inne i parkområdet har vi også eit flott vassleikeområde med handpumpe, renner og små demningar for variert leik med vatn. Parken viser også ulike former for fornybar energi med tema som vind-, sol- og vasskraft. Ein liten vindturbin kjem på plass i parken til hausten. 

Tilseth AS har stått for bygginga/oppgradering av parken.
Norconsult AS har stått for prosjektering, oppfølging og byggjeleiar.

Parken er finansiert av Ørsta Kommune, med tilskot frå kulturdepartementet og gjennom sponsormidlar frå Tussa. 
Medspelarane for bidrag til finansieringa er: Tussa, Kulturdepartementet og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tussaparken vil nok bli brukt mykje både av store og små i åra framover.

Bjørnis i Tussaparken - Klikk for stort bileteBjørnis i Tussaparken Øyvind Rødset   

Ordføraren var ein av dei som heldt tale - Klikk for stort bileteOrdføraren var ein av dei som heldt tale Øyvind Rødset   

Vannturbinen var eit populært apparat - Klikk for stort bileteVannturbinen var eit populært apparat Øyvind Rødset   

Følg oss