God registrering i Ørsta på Stikk UT!vinter

Bildet viser to par ski plassert mot den snødekte varden på toppen av Melshornet. - Klikk for stort bileteStikkUT-ski på Melshornet. Ingvild Marie Taraldset

Påska markerte slutten for Stikk UT!-vinter, og i Ørsta vart det fleire fotturmål enn i fjor og eindel færre skiturar registrert.

I Møre og Romsdal deltok omlag 10 000 turgåarar på Stikk UT! Vinter i år, og nesten 150 000 turar vart registrert. I Ørsta deltok 189 turgåarar som registrerte 5413 turmål.

Heile 43 000 skiturar vart registrert i Møre og Romsdal gjennom vintersesongen – og det er ny rekord!
Det vart registrert om lag 20 000 færre turar i år enn i rekordåret 2022, men friluftsråda er godt fornøgde med deltakinga. Ørsta kommune er medlem i Sunnmøre friluftsråd, som saman med alle medlemskommunane står bak Stikk UT!. Målet at fleire kjem seg ut og får oppleve gleda av å vere i aktivitet ute.

Gode møte mellom menneske og natur fremjar helse og livskvalitet, og arbeidet som blir gjort med å tilrettelegge for uteaktivitet er derfor særs viktig.

Ørsta kommune vil rette ein stor takk til dei frivillege som hjelper med at det blir Stikk UT! Ski og vinterfottur.

Oversikt over Ørsta sine tal på registrerte turar og aktive deltakarar

stikkut vinter
År 2020 2020 2021 2021 2022 2022 2023 2023
  Reg. Aktive deltakarar Reg. Aktive deltakarar Reg. Aktive deltakarar Reg. Aktive deltakarar
Stikk UT! Ski 401 133 1740 444 3875 866 2720 643
Stikk UT! Vinterfottur - - 348 57 7805 1376 7964 1349

No ser vi fram mot Stikk UT! sommarsesongen. Stikk UT!-kartet kjem som vanleg i posten til alle husstandar i kommunen neste veke. Dette er ein invitasjon til alle innbyggarane om å bli med ut på tur.

Dei om lag 520 turmåla til sommarens Stikk UT! opnar 1. mai. Du kan allereie sjå turmåla på stikkut.no.

GOD TUR!

Følg oss