Feriemoro - Haustferien 2020

Velkomen til feriemoro 7. og 8. oktober.

Arrangementa er i regi av Ørsta kommune og er gratis. Alle barn under 12 år må vere i følgje med ein vaksen.

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Rebecca Riise Bjerknes på tlf. 91 31 35 72 eller Preben Trellevik tlf. 95 96 24 32

Det vil vere fokus på smittevern, og alle aktivitetar vil til ei kvar tid vere tilpassa dei rettleiarane som gjeld. Vi minner om at dersom du har symptom og føler deg sjuk, må du halde deg heime.

 

Onsdag 07.10.2020 kl.10.00:

Tur til Hydlaparken (fullteikna)

Foto: HydlaparkenI Hydlaparken klatrepark kan du leike deg i klatreløyper mellom tretoppane, hyle deg gjennom zip lines, eller slappe av med ein kopp kaffi. Dei minste kan boltre seg i miniHYDLA, dei tøffaste kan hoppe frå Hydlasprange, medan du som berre vil utforske den fantastisk flotte moreneryggen som klatreparken er bygd på kan rusle på stiane og kikke opp i trekrunene.

www.hydlaparken.no

Grunna kapasitetsbegrensingar på buss er det påmelding til denne turen. Turen er fullteikna.

 

Torsdag 08.10.2020 kl.12.00:

Gratisframsyning av filmen Tottori på Ørsta kino

Tottori! Sommeren vi var alene Foto: Norsk Filmdistribusjon/Chezville AS"Søstrene Vega (9) og Billie (5) er på telttur med faren. Han er uheldig og faller ned i en bergsprekk. Han skader beinet, og klarer ikke å komme opp. Dessuten blir mobiltelefonen knust. Faren roper opp til jentene at de må forsøke å finne veien tilbake til folk for å hente hjelp."

Grunna smittevern er det kapasitetsbegrensingar på denne kinoen. Fyste mann til mølla.

Etter kinoen vert det kahoot med kjekke premiar.

Følg oss