Byggjestart for skate- og treningspark

No startar byggjearbeidet for å realisere ein heilt ny skate- og treningspark ved Ørstahallen mot ungdomsskulen.

Visualisering av skate- og treningsparken som skal byggjast ved Ørstahallen   

Planen er at parken skal stå ferdig i månadsskiftet november/desember 2020. Det er Betongpark AS frå Oslo som har designa og står for totalleveransen av aktivitetsparken. Sommaren har vorte nytta til å klargjere grunnarbeid medan skuleelevane hadde ferie. Masser etter utbygginga av Ørstahallen vart flytta til det nye hestesport anlegget for gjenbruk, og resterande grunn vart bygd opp med pukk. Det var Berknes Maskin AS som utførte dette med høg prioritet i fellesferien.

Parken er todelt der skateparken utgjer største del av arealet med rulleareal på rundt 900m2. Kostnadane her er på rundt 3,6 mill. Treningsparken har eit areal på 400m2 og ein kostnad på 1,3 mill. Området blir godt belyst og universelt utforma med gode tilkomstar. Kostnadane vert fordelt på Ørsta kommune, spelemidlar, fylkesmidlar, Sparebanken Møre og skateklubben. Skateklubben vil starte ei innsamling frå private og næringsliv for å dekkje sin del.

Mange brukargrupper kjem til å få stor glede av skate- og treningsparken. Skatemiljøet som står utanfor det organiserte idrettsmiljøet får endeleg sin arena i Ørsta sentrum. Skulane i nærområdet vil kunne bruke området til fysisk aktivitet, avkopling, og rekreasjon. Føresette kan bruke treningsparken medan ungane er i skateparken.

Fleire barn og unge fell utanfor dei mest vanlege aktivitetane, med denne parken får vi eit nytt aktivitetsfelt i kommunen som vil kunne engasjere fleire. Elevar på Ørstahallen og Ørsta ungdomsskule har klaga over lite aktivitetar å ta seg til med i friminutta. Samstundes har fleire elevar i grunnskulen eit behov for alternative aktivitetar for å halde ut ein heil skuledag. Parken vil både kunne fungere som ein sosial aktivitetsarena for elevane i friminutta, samt eit lavterskeltilbod som lett tilgjengeleg for å kunne ta med seg enkeltelevar når dei treng avkopling frå klasseromsundervisning.

OBS! For eiga sikkerheit ber vi om at alle held god avstand til byggjeområdet under anleggstida. Det er ikkje tillate å bevege seg innanfor anleggsgjerda rundt byggjetomta. Dette gjeld både i skuletida og på ettermiddag/kveldstid. Slik får også entreprenøren jobba mest mogleg uhindra.

Pressemelding frå rullebrettmiljøet i Ørsta

Skatebård er allereie eit verdskjent namn med røtter i Ørsta. Han er riktig nok musikar, men ikkje så ulik det som rullebrettmiljøet representerer. Rullebrett er, i likheit med musikk, eit kreativt uttrykk, i tillegg til å vere ein sport i vekst. Skatebård har hatt mange scener å spele på, samt rom å øve i. Noko me skatarar diverre ikkje kan skilte så godt med. For 5 år sidan fekk me til eit anlegg i Hovdebygda, som framleis er i drift. Dette fekk me skapt med god hjelp av støttespelarar og mykje dugnadsinnsats. Lenge var me ei hard kjerne av skatarar som sleit med å rekruttere folk som haldt ut den harde og brutale nybegynnarfasa. Plassen vår, mellom fire veggar og tak, er diverre knapp for å leggje til rette for at fleire kan finne vegen fram til rullebrettet.  

Vinteren 2020 vart miljøet kontakta av Ørsta kommune som ytra at dei ynskjer å gje oss moglegheit til å få eit anlegg ute. Dette kom svært overraskande på oss, men har blitt teke imot med stor glede. No får også me eit fantastisk anlegg der me kan få utvikle oss, og ikkje minst, auke interessa for aktiviteten og med det rekruttere fleire til miljøet. Som skatarar har me erfaring med å bli jaga rundt om når me har funnet oss ei trapp, ein kant eller noko anna me synest er skatebart. Det å få ein dedikert plass der me kan utfolde oss på, vil vere å få anerkjenning for det me driv med. Me er svært takknemlige for å få dette også her i Ørsta, og for eit anlegg det blir! Skatarane har fått vere med å utforme korleis parken kan bli, og me er sikre på at dette vil vere eit unikt og spennande anlegg for alle brukargrupper og på alle nivå. Me er sikre på at mange vil bli overraska over kor inkluderande og breitt rullebrettmiljøet i Ørsta er. Me har aktive rullebrettkøyrarar frå barnehagealder til og med 50-åringar. Det som også er så bra er at skateparken vil vere open for alle heile døgnet og ikkje berre for skatarar. Sparkesyklistar vil nok utan tvil vere den største brukargruppa, i tillegg kjem dei som føretrekker sykkel. Den nye skateparken i Ørsta vil gje god plass til oss alle.

Ein annan, veldig viktig grunn til å bygge ein skatepark i Ørsta, er at me no har eit stort og godt tilbod for organiserte idrettar og aktivitetar. Skating kan, for mange, vere ein aktivitet og møtestad for dei som fell utanfor denne typen fritidsaktivitetar. Ein stad der dei kan finne seg til rette, delta i aktivitet og møte folk i same miljø, kan vere det nokon sårt treng. Å byggje dette anlegget ser me på som ei billig og god investering for Ørsta kommune. Å  stimulere til aktivitet blant unge og vaksne, auke tilbodet for å finne sitt miljø og ikkje minst skape arenaer der sambygdingar kan møtast uavhengig av alder, ferdigheiter og mål.

Følg oss