AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Retningslinjer for besøk på sjukeheimar 

Klikk for stort bilete
Retningslinjene gjeld ved Ørstaheimen, Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen. Retningslinjene bygger på FHI sine råd og er ei oppmjuking av tidlegare retningslinjer. Dørene til sjukeheimane vert ikkje lenger låste på dagtid.

Vi minne om at bebuarar på sjukeheimar er venta å ha dårlegare vaksinerespons, det vil sei dei meir enn andre kan verte smitta sjølv om dei er vaksinerte. Vi rår derfor til at dei ikkje har tett kontakt med mange.


Dette må du hugse når du skal på besøk på sjukeheimen:

 

  • Vi ynskjer at besøk vert avtala i forkant. Det er ynskje at avtalane så langt som råd vert avtalt i kontortid måndag-fredag.
  • Ring avdeling og informer om kven som kjem og kva tid. Obligatorisk handvask eller spriting når de kjem!
  • Alle besøkande skal vera friske og utan luftvegssymptom.
  • Av hensyn til smittsporing ynskjer vi at alle besøkande vert registrert, informasjon vert makulert etter 10 dagar.
  • Kjem du frå kommune med høg lokal smitterisiko, bør du følgje smittevernråd i den kommunen du kjem i frå.
  • Besøkande skal halda 1 m avstand til andre bebuarar og personal, besøk skal foregå på pasientrom eller ute. Eigne retningslinjer for Korttidsavdelinga.
  • Bebuarar som er fullvaksinert kan ha nærkontakt, også ansikt-til-ansikt med besøkande, både vaksinerte og uvaksinerte. 
  • Uvaksinerte bebuarar kan også ha nærkontakt, men ein bør vera meir forsiktig, sjå smittevernråd.
  • Besøk utanfor insititusjon er ok, nasjonale og lokale smittevernråd må følgjast, sjå smittevernråd.

Smittevernråd ved besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjoner under covid-19-pandemien

 
Dersom du etter besøket får påvist Covid-19 smitte eller vert definert som nærkontakt til smitta er du pliktig til å melde frå til institusjonen om dette.

Mvh

Linda Gramshaug Fonseca
Sjukeheimslege

Marte Vaage Øie
Kommuneoverlege

Kontakt

Ingrid Mork einingsleiar
70 04 88 42
@ Ingrid Mork
Dagrun Opsal einingsleiar, korttidsavdelinga
70 04 88 22
@ Dagrun Opsal
Kyrre Skavøy einingsleiar
70 04 88 32
@ Kyrre Skavøy
Lisa Mari Korsfur Silseth Einingsleiar Buavdelinga
70048862
Vartdal helsetun hovudnummer
700 45 000
Hjørundfjordheimen hovudnummer
70045750

Følg oss