AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering  |  Influensavaksinering​​​​​​​

Pause i utlevering av hurtigtestar for heimetesting

Fredag 05.11. var siste dag med utlevering av hurtigtestar frå teststasjonen i Hovdebygda. Det er no ei pause i utleveringa i påvente av fleire leveransar frå myndigheitene. Truleg vil ein på sikt kunne dele ut hurtigtestar fleire stader i kommunen for å betre tilgangen.

Kommunen har framleis fleire hurtigtestar i beredskap i tilfelle utbrot eller ved smitte i familiar. I slike tilfelle vil ein få informasjon om kvar og når ein kan hente testar.

Det er framleis god kapasitet for PCR-testing på teststasjonen, dette er gratis når ein har symptom, er nærkontakt eller har vore på reise i utlandet. Bestill time på kommunen si heimeside eller ved å ringe koronatelefonen på 70058960. Det er også mogleg å ta ein gratis hurtigtest på teststasjonen.

Minner om anbefalingane for bruk av hurtigtestar:

  • Ta testen innan 2 døgn etter symptomstart.
  • Positive hurtigtestar må bekreftast med PCR-test på teststasjon.
  • Nærkontaktar med symptom bør ta ein PCR-test.
  • Helsepersonell eller andre som har tett kontakt med sårbare grupper bør ta PCR-test ved symptom.

Ein kan også sjølv kjøpe hurtigtestar på apotek, butikkar og på nettet. FHI anbefaler at ein då kjøper testar som er CE-IVD-merka, og som står på EU si liste over hurtigtestar. Det kan du sjekke her:

https://ec.europa.eu/health/sites/default/files/preparedness_response/docs/covid-19_rat_common-list_en.pdf
  

Om hurtigtestar

Hurtigtestane er ein mindre følsam metode enn ein PCR-test, men dersom du tek testen i løpet av dei første 2 dagane etter at symptoma starta, kan du i større grad stole på resultatet. Kommunane deler difor ut hurtigtestane slik at befolkninga kan ha desse heime, og ta ein test sjølv raskt etter at symptoma har starta. Dette gjeld også ved milde symptom. Hurtigtestane vert pakka med 2 stk. i kvar pakke. Ein kan hente hurtigtestar til sin husstand både dersom ein er sjuk, og dersom ein vil ha liggande heime i beredskap. 

 

Når bør ein ta ein hurtigtest?

Hurtigtestane for covid-19 gjev eit mest presist svar dersom ein tek dei i løpet av dei 2 første dagane etter at ein har fått symptom. Dette er fordi ein då har mest virus i luftvegane og hurtigtesten er mindre følsam enn ein PCR-test. Det er difor viktig at ein tek hurtigtesten snarast råd når ein har fått symptom, samt at ein også testar seg ved milde symptom.

Alle med nyleg oppståtte luftvegssymptom bør ta ein koronatest, sjå meir på fhi.no

Eigne råd til barn under 12 år: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/barn-og-unge/

 

Når bør ein ta ein PCR-test?

Alle med nyleg oppståtte luftvegssymptom kan ta ein PCR-test gratis i kommunen. Denne testen er ca. 1000 gongar meir følsam enn ein hurtigtest for covid-19. For desse gruppene anbefaler vi PCR-test i tillegg til eller i staden for ein hurtigtest:

  • Dersom symptoma har stått på i over 3 døgn.
  • Dersom du har vore i nærkontakt med nokon med påvist covid-19 og har fått symptom.
  • Dersom du bur saman med eller arbeider med særleg sårbare grupper, t.d. på sjukeheim eller bur saman med nokon med nedsett immunforsvar.
  • Dersom du har tatt ein positiv hurtigtest heime, bør du ta ein PCR-test for å bekrefte eller avkrefte resultatet. Då vert testresultatet registrert på Helsenorge.no.
  • Dersom du er i innreisekarantene og skal ta test etter 3 døgn.

 

Bruksrettleiing

Bruksrettleiing for hurtigtestane finn du i kvar pakke, eller ved å klikke her:
https://diagnostics.roche.com/global/en/products/params/sars-cov-2-antigen-self-test-nasal.html

Video: Bruksrettleiing – Frå produsenten (engelsk)

Video: Bruksrettleiing – Produsert av Tønsberg kommune

 

Kva skal du gjere dersom du får ein positiv hurtigtest?

Dersom du får eit positivt svar på ein hurtigtest, bør du ta ein PCR-test for å bekrefte eller avkrefte resultatet. Du kan bestille time til dette på kommunen sine heimesider (Ørsta eller Volda) eller ved å ringe koronatelefonen på +47 70058960 måndag til fredag kl. 09.00–12.00.

Du bør straks isolere deg og varsle dine nærkontaktar, les meir om isolasjon og smittesporing på fhi.no.

Du kan også ringe koronatelefonen for å få rettleiing. Alle som får positivt svar på ein PCR-test, vil verte ringt av kommunens smittesporingsteam.

 

Utleveringsstad for hurtigtestar

Koronateststasjonen i Hovdebygda, adresse Langemyra 3, 6160 Hovdebygda. Måndag til fredag kl. 12.00–16.00 (du treng ikkje timebestilling for dette).

Følg oss