Kva er viktig for deg? – dagen 2019

Klikk for stort bileteØrsta kommune ved Kvardagsrehabiliteringsteamet vil i samarbeid med Heimebasert omsorg markere «kva er viktig for deg?»-dagen, 5. juni. 

KS og Folkehelseinstituttet står bak satsinga som vert støtta av Helse- og omsorgsdepartementet og helsedirektoratet.

«Kva er viktig for deg?» -dagen skal tydeleggjere ei viktig retningsendring i helsevesenet basert på ei helsefremjande tilnærming og ei styrka pasientrolle. Fokuset vert flytta frå « Kva er i vegen med deg» til «kva er viktig for deg?» i livet ditt akkurat no.

På «kva er viktig for deg?»-dagen blir tilsette i Ørsta kommune oppmoda til å stille dette sentrale spørsmålet til sine brukarar, lytte, reflektere over svaret og følgje opp kva som er viktig saman. Erfaringane viser at aktiv deltaking i utforming av eigne mål aukar motivasjon og styrkar eigenmeistring.

Helsepersonell over heile landet vil markere dagen og bere fargeglade buttons med teksta: «kva er viktig for deg?» som ei påminning om å innleie gode samtalar med brukarane. Målet med denne dagen er å oppmuntre til fleire gode samtalar mellom dei som gir helse- og omsorgstenester og dei som mottek desse tenestene og deira pårørande
 Lag ei god markering på din arbeidsplass,


- Team kvardagsrehabilitering: Karen Øie, Heidi Line Hagen og Monica Gustavsen
 

Fann du det du lette etter?