AKTUELT NO:

Informasjon om hurtigtestar for heimetesting

Hurtigtestar får du gratis på teststasjonen/testbilen på rådhuset så lenge vi har nok til å dele ut til alle. Det vil i periodar ikkje vere nok testar til å dele ut til alle. 

Ein kan også sjølv kjøpe hurtigtestar på apotek, butikkar og på nettet. FHI anbefaler at ein då kjøper testar som er CE-IVD-merka, og som står på EU si liste over hurtigtestar. Det kan du sjekke her.

Les meir om hurtigtesting her.

Bruksrettleiing

Bruksrettleiing for hurtigtestane finn du i kvar pakke, eller ved å klikke her.
 

Video: Bruksrettleiing – Frå produsenten (engelsk)

Video: Bruksrettleiing – Produsert av Tønsberg kommune

  

Om hurtigtestar

Hurtigtestane er ein mindre følsam metode enn ein PCR-test, men dersom du tek testen i løpet av dei første 2 dagane etter at symptoma starta, kan du i større grad stole på resultatet. Kommunane deler difor ut hurtigtestane slik at befolkninga kan ha desse heime, og ta ein test sjølv raskt etter at symptoma har starta. Dette gjeld også ved milde symptom. Ein kan hente hurtigtestar til sin husstand både dersom ein er sjuk, og dersom ein vil ha liggande heime i beredskap. 

 

Når bør ein ta ein hurtigtest?

Hurtigtestane for covid-19 gjev eit mest presist svar dersom ein tek dei i løpet av dei 2 første dagane etter at ein har fått symptom. Dette er fordi ein då har mest virus i luftvegane og hurtigtesten er mindre følsam enn ein PCR-test. Det er difor viktig at ein tek hurtigtesten snarast råd når ein har fått symptom, samt at ein også testar seg ved milde symptom.

Alle med nyleg oppståtte luftvegssymptom bør ta ein koronatest, les meir på fhi.no.
Eigne råd til barn under 12 år, les meir her. 

 

Når bør ein ta ein PCR-test?

Alle med nyleg oppståtte luftvegssymptom kan ta ein PCR-test gratis i kommunen. Denne testen er ca. 1000 gongar meir følsam enn ein hurtigtest for covid-19. For desse gruppene anbefaler vi PCR-test i tillegg til eller i staden for ein hurtigtest:

  • Dersom symptoma har stått på i over 3 døgn.
  • Dersom du har vore i nærkontakt med nokon med påvist covid-19 og har fått symptom.
  • Dersom du bur saman med eller arbeider med særleg sårbare grupper, t.d. på sjukeheim eller bur saman med nokon med nedsett immunforsvar. 
  • Dersom du har tatt ein positiv hurtigtest heime, bør du ta ein PCR-test for å bekrefte eller avkrefte resultatet. Då vert testresultatet registrert på Helsenorge.no.
  • Dersom du er i innreisekarantene og skal ta test etter 3 døgn.

 

Positiv hurtigtest?

Sjå kva du skal gjere her på teststasjonen si informasjonsside.

 

Utleveringsstad for hurtigtestar

Teststasjonen i Ørsta er på rådhuset, på oppsida ved den gamle hovudinngangen. Der kan du hente antigen hurtigtestar til heimetesting, men også utstyr til PCR-test som du må levere inn att i ei luke eller postkasse på rådhuset.

Hent testar

  

Følg oss