AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering  |  Influensavaksinering​​​​​​​

influensavaksine til risikogruppene

Pixabay

  • Den som ikkje har fått influensavaksine endå  kan få ein sjanse til torsdag 18.11 og torsdag 02.12, same dag som ein har koronavaksinering. Bestill time til dette  på HelseNorge eller ring vaksinasjonstelefonen. Obs det må gå minst ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine. Velg koronavaksine først.
     
  • OBS! Det kjem tilbakemeldingar om at det går ut to forskjellige meldingar ang oppmøtestad for vaksinering. Sidan vi no vaksinerar både ved Kulturhuset og Gamle Hbo lokalet i Grepalidveien på Ørstaheimen er det det som står på FØRSTE melding/innkalling som er gjeldande oppmøtestad. Vi kjem til å henge opp lapp på det lokalet vi ikkje er i slik at folk får tid til å snu dersom dei møter opp på feil stad. Fylg med på heimesida for oppdatert oppmøtestad.

Det kjem ny forsyning med influensavaksiner i veke 46 og det er oppretta timar til influensavaksinering på to koronavaksineringsdagar:

Ein kan ringe inn og få tid til influensavaksine på ein av desse to datoane (tlf.nr. 95167846), eller bestille time på HelseNorge. Obs at det må gå minst 1 veke mellom koronavaksine og influensavaksine.

Dei som har fått time til dose 3 Covid-19 vaksinering og manglar influensavaksine, dei MÅ prioritere dose 3 Covid-19 vaksina framfor influensavaksina. Det skal bli ei råd med å få influensavaksine i etterkant.

Ein kan som før bestille seg time på HelseNorge, eller om ein ikkje har mulegheit til det kan ein ringe bestillingstelefon for influensavaksinering : 95167846. Vaksina er gratis
 

OBS! Denne influensavaksineringa er for risikogruppene. Dersom ein ikkje høyrer til ei risikogruppe, men likevel ønsker å ta vaksina kan ein få kjøpt og satt den på apotek. Det må gå minst ei veke mellom koronavaksinering og influensavaksinering.

Det er viktig at ein no er om seg og bestiller seg time fort, det er eit begrensa antal vaksiner og ein vaksinerer i ei begrensa periode. Ein held ikkje på utover heile vinteren med denne type vaksinering – det er NO det skjer, så ver rask med timebestilling. Sjå informasjon om timebestilling lenger nede på sida.

Barn og vaksne i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom
    • kronisk hjarte- og karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom
  • Gravide frå 12. svangerskapsveke
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år

I tillegg til risikogruppene blir det også tilrådd influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt. Desse blir spesielt oppmoda om å vaksinere seg, primært for å verne andre (indirekte vern), som pasientar og kollegaer, sekundært for eigen del
  • Personar som bur saman med personar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Informasjonsskriv frå FHI: Influensavaksine til risikogruppene – 2021-2022 

Informasjonsside hos FHI: Influensavaksine til risikogrupper
  

Bestilling av time

OBS! Det blir timebestilling for vaksinering.

VAKSINERING SKJER HER:

 

Vaksinasjonen er gratis.   VELKOMEN  til årets influensavaksinering!

  

Spørsmål og svar om influensa og influensavaksine – 2021/2022

Kven kan bli alvorleg sjuke av influensa

Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa, men enkelte risikogrupper er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre. I Norge er nær 1,6 millionar barn og vaksne i ei slik risikogruppe. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg.

Kvifor bør ein ta vaksine?

Influensa kan mellom anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdommar. Ved alvorlege komplikasjonar av influensa er det nødvendig med innlegging på sjukehus. Personar med hjarte- og karsjukdom er meir utsette for hjarteinfarkt, hjerneslag og død i influensasesongen enn elles i året. Alvorleg influensasjukdom kan føre til varig svekka helse og auka hjelpebehov, og gjennomsnittleg døyr 900 personar årleg. Vaksinasjon beskyttar mot alvorleg influensa.

Kva beskyttar vaksinen mot?

Influensavaksine beskyttar mot influensavirus frå 1–2 veker etter vaksinering. Vaksinen lærer kroppen å forsvare seg mot influensaviruset. Vaksinen blir gjeven med sprøyte i éin dose. Vaksinen beskyttar ikkje mot koronavirus eller andre virus og bakteriar, som også kan gi influensaliknande symptom. Vanlege influensasymptom er brå sjukdomsstart, feber, tørrhoste, slappheit, hovudverk og muskelsmerter i 3–10 dagar.

Kvifor bør vaksinen takast kvart år?

Vaksinen bør takast årleg fordi influensaviruset endrar seg heile tida og vaksinen må tilpassast desse endringane. Effekten av vaksinen blir også svakare over tid.

Har vaksinen biverknader?

Vaksine mot sesonginfluensa har vore brukt i mange år, og har generelt få biverknader. Som andre vaksiner kan han føre til smerte, raud hud og hevingar på stikkstaden samt feber, lett sjukdomskjensle og muskelsmerter. Det forsvinn av seg sjølv etter 1–2 dagar. Allergiske reaksjonar eller andre alvorlege biverknader er sjeldne.

Influensavaksinen kan ikkje gi influensasjukdom.

Følg oss