Utbetring av Sæbønesvegen

Klikk for stort bilete

Ørsta kommune har fått på plass alle grunneigaravtalane for å utbetre den siste parsellen med grusveg på Sæbønesvegen/Flatnesvegen. Avtalen gir rom for ny utbygging av både bustad og fritidsbustad på Sæbø.

Ny veg vil ha asfaltert bredde 5m, med total bredde 5,5m. Maksimal stigning på vegen vil bli tatt ned frå 11,7% til 10,5% og det vil etablerast samanhengande gatelys. Samstundes vil det vere ei uflating av Sæbønesvegen mot krysset til Flatnesvegen for betring av trafikktryggleik.

Oppdatering 5. juli: Grunna arbeid med naudsynt omlegging av straum startar ikkje kontraktspart Aurstad Tunnel AS opp med anleggsdrift før etter ferien. 

Vi ønskjer å rette ein takk til alle grunneigarane for å bidra til ei minneleg og god løysing for Sæbø-samfunnet.

Fann du det du lette etter?