Skal du brenne jonsokbål?

Klikk for stort bilete

I Ørsta kommune skal bål til Jonsok meldast inn til brannvesenet. Meldingsskjema er kun informasjon til brannvesenet og krev inga handsaming. Dersom brannvesenet har behov for ytterligare informasjon tek vi kontakt. Meldefrist er innan 20. juni. 

Meldeskjema

 

Gode råd for bygging og brenning av jonsokbål

  • Området skal vere ryddig og bålet skal ha god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale
  • Bålet bør ikkje byggast for stort. Kast helder på meir ved etter kvert.
  • Sørg for av born held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoffer som bomull og ull. Kunstoff er lett antennelege og kan smelte under sterk varme.
  • Ta hensyn til naboar. Røyken verker irriterande på slimhinner i auge og luftveier, og representerer et helse- og trivselsmessig problem for dei som vert eksponert.
  • Er bålet høgt, bør det tennast på midten. På den måten unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.
  • Store bål avgir sterk strålevarme og er dermed ikkje eigna til grilling. Ha gjerne en grill ved sidan av, eller lag eit mindre bål i tillegg til Jonsokbålet.
  • Oske og glør som ikkje er sløkt skikkeleg kan fly av garde med vinden og antenne hus og skog. Forlat derfor aldri bål som ikkje er 100 prosent sløkt.

Ørsta brann og redning ynskjer alle en trygg og fin Jonsokfeiring.

Fann du det du lette etter?