Signering av kontrakt for gang- og sykkelveg på Mosflata

Framme: Ordførar Stein Aam og Morten Reindal frå Aurstad Tunnel AS. Bak: Assisterande kommunedirektør Eldar Øye og tenesteleiar for teknisk drift og eigedom Ulf Rognstad. Ingvild Susann Kjøde


I dag vart kontrakt for gang- og sykkelveg på Mosflata signert av ordførar Stein Aam og entreprenør Morten Reindal frå Aurstad Tunnel AS.

Kontrakta gjeld strekninga Mosflatevegen – Melsgjerdet og arbeidet startar opp måndag 24. april.


Godt samarbeid

Det har vore arbeidd svært mykje for å få dette på plass, både administrativt og politisk. Dette er ein fylkesveg, men tiltaket er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunen, seier Stein Aam. Ordføraren legger særskilt vekt på det arbeidet Kristin Sørheim, leiar for samferdsleutvalet i fylkeskommunen, har lagt ned for å få realisert denne vegløysinga.

Eldar Øye trekke fram det gode samarbeidet mellom partane – og legge vekt på at dette er eit viktig trafikktryggingstiltak. No får mange ein mykje tryggare veg til og frå skule og arbeid. Neste steg er eit liknande prosjekt i Åmdalen. Men vi er ikkje ferdige med det, seier han. Svingane etter Melsgjerdebrua er svært farlege for gåande og syklande, så kommunen vil jobbe vidare med å få på plass gang- og sykkelvegen heilt fram til påslagspunktet for ny Høgebru.


Skiftar ut alle vass- og avløpsleidningar

Lengda på gang- og sykkelvegen vert 1130 m, og kommunen skiftar samtidig ut alle vass- og avløpsleidningar på strekninga. Tenesteleiar for teknisk drift og eigedom, Ulf Rognstad, fortel at dette samarbeidet medverkar til å redusere kostnadane for både fylkeskommunen og kommunen. Det er også positivt som eit folkehelsetiltak – no får vi ei trygg strekning frå sentrum og fram til Melsgjerdet, der ein også kan ta vegen ned att langs Melsvegen.   


Ferdig 30. november

Morten Reindal, som signerte kontrakten for Aurstad Tunnel, opplyser at bygginga startar opp allereie  24. april. Vegen skal etter planen stå ferdig til hausten; 30. november.  

Les også: Ferdig signerte avtalar med alle grunneigarane om gangvegen Mosflata–Melsgjerdet

Bildet viser utsikt frå melsgjerdet mot mosflata, Ørsta sentrum og Ørstafjorden. - Klikk for stort bilete Thomas Winther Leira

Følg oss