Parkeringsplassen ved Ørstahallen/vgs kan du bruke i vinter
Ørsta kommune
Sperregjerda er flytta og parkeringsplassen ved Holmegata er no klar for bruk gjennom vinteren.
Det må eitt lag til med asfalt, men det vert ikkje før til våren.
Det er framleis anleggsarbeid i gangvegen så vi ber alle vise omsyn til anleggsarbeidet og sperringane. Gatelysa er ikkje på plass enno, så plassen er inntil vidare mørk.
Ørsta kommune
Publisert av Ingvild Marie Taraldset
Publisert 30.11.2023 09:29