På tide å byte ut røykvarslarane?

 

Dei fleste røykvarslarar skal minimum bytast ut etter 10 år. Men dette er avhengig av miljøet den står i og kvaliteten på produktet. Har du sjekka kor gamle røykvarslarane dine er? Test røykvarslarane og byt batteri på Røykvarslardagen 1. desember.

Elektronikken i røykvarslarar taper seg over tid. I tillegg kan evna til å oppdage røyk bli redusert grunna støv og smuss som samlar seg opp i løpet av åra.

– Røykvarslarar er generelt modne for utskifting etter 8–10 år. Du bør difor sjekke alderen på røykvarslarane dine og vurdere om det er på tide å byte dei ut. Produksjonsdatoen står på baksida av røykvarslaren, opplyser Thomas Winther Leira, brannsjef i Ørsta.

Røykvarslarar er EE-avfall

Når du byter sjølve røykvarslaren eller skifter batteri, er det viktig at du sjekkar med testknappen at varslaren fungerer. Vil du ta ein ekstra test kan du gjerne teste med røyk eller røykspray for å sjå om den røykvarslaren reagerer.

Røykvarslarar er EE-avfall som ikkje skal kastast i søpla. Gamle røykvarslarar kan leverast inn gratis hos ein forhandlar eller attvinningsstasjon.

Ei undersøking frå Prognosesenteret viser at det i gjennomsnitt er installert 3,5 røykvarslarar per bustad og 2,5 røykvarslarar per fritidsbustad. Til saman er det cirka 10 millionar røykvarslarar rundt om i norske heimar.

Kople saman røykvarslarane

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg og det må vere minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er attlaten.

Du bør teste røykvarslarane dine jamleg og etter kvar gong du har vore vekke lenge. Det er også ein fordel å støvsuge varslaren med jamne mellomrom. Dette vil forlenge levetida til varslaren.

– Du bør kople saman røykvarslarane, slik at alle pip samstundes ved brann. Dette kan gi deg verdifull tid til å evakuere, til dømes viss ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, påpeiker Hege Leite, branningeniør i Ørsta.

Smarte løysingar

Det finst også smartvarslarar som varslar deg på mobiltelefonen om du ikkje er heime. Det kan vere ein ekstra tryggleik.

Ta med barna

Mange tenkjer at brannar ikkje er noko som kan skje i deira heim, men det kan byrje brenne med kven som helst. Ein må vere sin eigen brannsjef og førebyggje brann gjennom brannvern og opplæring.

– Ein fin aktivitet i desember kan vere å ta med heile familien på å leite etter gode rømingsvegar, sjekke røykvarslarane og kontrollere brannsløkkjaren, seier brannsjefen.

Røykvarslardagen 1. desember er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige.

 

Rett plassering av røykvarslaren:

  • Monter røykvarslaren på det høgste punktet i taket og minst ein halv meter frå veggen.
  • Ha minst ein røykvarslar i kvar etasje.
  • Viss bustaden har fleire etasjar, bør du plassere røykvarslarar nær trappene, slik at lyden frå alarmen ber betre gjennom etasjane.
  • Installer minst éin røykvarslar per 60 kvadratmeter.
  • Ikkje la avstanden mellom to røykvarslarar vere større enn 12 meter.
  • Det finst smarte røykvarslarar som kan varsle deg på mobilen om du ikkje er heime.


Kontakt

Thomas Winther Leira
Brannsjef
Brann og redning, Tekniske tenester

Mobil:
E-post: 

  90749112
Thomas.Winther.Leira@orsta.kommune.no

  

Følg oss