Ein finn lenke til feilmeldinga nedst på denne sida, eller under Bygg og bu > Kommunalteknikk > Gatelys
- Gule punkt i kartet er veglys som det kan meldast inn feil på.
- Gråblå punkt i kartet er veglys som ikkje vert drifta av kommunen og som det difor ikkje er mogeleg å melde inn feil til kommunen på. Dette gjeld til dømes veglys som vert drifta av Statens vegvesen, langs fylkeskommunal veg eller veglys på private vegar.
Merk at det kan gå nokre veker frå feilen er meldt inn til veglyspunktet vert reparert dersom feilen gjeld enkeltpunkt. Noko lengre tid i sommar- enn vinterhalvåret. Kritiske punkt (ved fotgjengarovergangar til dømes) vert som regel reparert i løpet av få dagar. Feil som vert meldt inn no mot slutten av 2021 vert først reparert i januar 2022. Kommunen har avtale med Eviny (tidlegare BKK) om drift av kommunale veglys.
Kart for melding av feil på veglys