Komfyren stod for 79 utrykkingar i Møre og Romsdal i 2020

Brann- og redningsvesena i Møre og Romsdal rykte i 2020 ut til 79 brannar og tilløp til brann på komfyren. Ei komfyrvakt kan løyse problemet ved å gi beskjed når temperaturen vert for høg og bidra til å redde liv og verdiar.

Det er nok fleire som har opplevd at ein har gløymt mate på komfyren litt for lenge og tørrkokt eller svir maten. Enten fordi det ringde på døra, ein babyen byrja å skrike eller eit barn har slått på ei av platene der det står matrestar frå i går. At ein er litt uoppmerksam er alt som skal til. Det kan fort gå frå matos til farlege branngassar, og i verste fall kan det oppstå brann.

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det leggjast opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustadar. Komfyrvakter får du kjøpt hos elektronikkbutikkar, kjøkenbutikkar og i nettbutikkar.

Dei fleste komfyrbrannar skyldast at ein ikkje er merksam, og ikkje tekniske feil ved produktet. Ingen tar skade av å vente litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade om du gløymer det.

Slik fungerer komfyrvakta

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutte straumen til komfyren. Den er i tillegg enkel å montere.

Plugg brytarboksa mellom komfyren og stikkontakta i veggen. Sett komfyren på plass og monter sensoren på veggen i rett høgde. Følg monteringsrettleiaren for di konkrete komfyrvakt.

Sjølv om ein har komfyrvakt er det viktig å halde oppsikt under matlaging og skru av eller demp varmen om du blir avbroten. Det er også viktig å reingjere ventilator jamleg og passe på at det ikkje ligg brennbare ting for nærme koketoppen. Står noko i vegen for sensoren fungerer den ikkje.

Komfyrvaktkampanjen

I dag er det nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd om dei mange komfyrbrannane. Som del av kampanjen vil det bli delt ut 250 komfyrvakter til nokon som treng det rundt om i landet. I Ørsta blir det konkurranse der du kan vinne ei komfyrvakt til deg sjølv eller nokon andre som treng det. Delta i konkurransen på Facebook sida til Ørsta kommune. Vinnaren vert trekt måndag 15.02.2021.

Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper. Bak «Alt vi kan mot brann» står DSB, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk brannbefals landsforbund, Feiermesterens landsforening, Nelfo, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsynet og sakkyndige selskap.

Les meir om komfyrvakt på sikkerhverdag.no.

Følg oss