Feiing og tilsyn med fyringsanlegg i fritidsbustad

Eig du ein fritidsbustad, sel, seterhus, rorbu eller liknande med eldstad må du betale feie- og tilsynsgebyr.

Fleire eigarar av fritidsbustadar har lurt på kvifor dei har fått ei ekstra feieavgift.

Grunnen til dette er at den nye forskrifta om brannførebygging set krav om at feiing og tilsyn med fyringsanlegg skal gjennomførast i alle fyringsanlegg som brukast til oppvarming av byggverk. Det er ikkje gjort unntak for fritidsbustadar slik det var etter tidlegare forskrifter. Det er heller ikkje gjort unntak for bygningar som brukast lite eller berre delar av året. Det inneber at det og skal feiast og førast tilsyn med både stølar/setre, rorbuer og liknande, dersom fyringsanlegget brukast til oppvarming.

Følg oss