Når skal barn vere heime frå barnehage og skule? (Korona)

koronavirus bli heime - Klikk for stort bilete congerdesign/Pixabay

 

Alle med symptom i luftvegane (nase og hals) skal vere heime frå barnehage, skule eller arbeidsplass. Unntaket er at det skal være noko toleranse for rennande nase som einaste symptom hjå elles friske barn under 10 år.

Dersom barn får nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, bør barnet haldast heime. Ved feber og hoste skal barnet straks testast for covid-19. Ved milde luftvegssymptom utan feber og hoste, kan de sjå an tilstanden i 2 dagar. Ved inga betring, anbefalast testing av barnet.

Kva symptom må foreldre vere obs på?

  • rennande nase
  • nysing
  • hosting
  • sår hals
  • små barn som sutrar, klenger og «har noko på gang»
  • større barn kan også klage over nedsett smak- og luktesans
  • tung pust
  • feber
  • magesmerter og diaré

Symptoma over er grunn til å halde barnet heime, spesielt ved fleire symptom samtidig. Når barnet er heime frå barnehage eller skule skal det heller ikkje leike med andre barn eller delta på fritidsaktivitetar.

For dei minste barna som ikkje kan fortelje korleis dei har det må foreldra passe på allmenntilstanden. Dårleg matlyst, slappheit, sutring og klaging indikerer nedsett allmenntilstand. Barn med nedsett allmenntilstand skal ikkje i barnehagen. Dette gjeld sjølv om barnet ikkje har feber eller hoste.

Nokre barn er snørrete året rundt. Dei kan fortsette å gå i barnehagen så lenge symptoma ikkje er nye eller forandra, og allmenntilstanden er god.

 

Når kan barn under 10 år kome tilbake i barnehage og skule?

  • Barn som er symptomfrie, kan kome tilbake i barnehage/skule.
  • Barn som har god allmenntilstand etter gjennomgått luftvegsinfeksjon, kan kome tilbake i barnehage/skule. Det betyr at allmenntilstanden avgjer når barn kan kome tilbake i barnehage og skule. Dette gjeld sjølv om barnet fortsatt har nokre restsymptom som nasesekresjon (uansett farge på dette) eller sporadisk hoste. Slike symptom samtidig som god allmenntilstand er vanleg i tida etter ein luftvegsinfeksjon hjå mindre barn. So lenge symptoma kan knytast til ein gjennomgått infeksjon, og ikkje er nyoppståtte eller aukande, kan barnet komme tilbake i barnehagen.
  • Alle som får påvist covid-19 skal i isolasjon, og få oppfølging av helsetenesta.


Oppdatert informasjon om barn og korona frå FHI