Informasjon til føresette i barnehagane i Ørsta

 

Covid-19 har prega livet vårt, både privat og i barnehage/skule/jobb, i snart eit heilt år.

I vår kommune har vi likevel vore heldige og hatt lite smitte, trass i at vi inn i mellom får nokre påminningar om kor smittsamt både det opprinnlege viruset og dei muterte virusa er. Beredskapen har vi på plass dersom kommunen/einingar må gjere grep for kortare eller lengre periodar.

No ser det ut som regjeringa igjen må ta strengare grep, og alle må vere førebudde på endringar enten frå nasjonale eller lokal mynde. Vi ynskjer difor å førebu føresette på endringar som kan skje dersom det kjem meir smitte til vår kommune.

 

Nivåinndeling

Barnehagane er på gult nivå, noko som betyr mellom anna at ei heil avdeling/gruppe er rekna som ein kohort, og avdelingane kan til dømes samarbeide ved avvikling av pausar og møter. Dette er avgjerande faktorar for å ha full opningstid i barnehagane.

Gult nivå har blitt kvardagen vår, og sjølv om det kanskje ikkje er så tydelig som det var i starten, er det gult nivå alle barnehagane følgjer per i dag. Dette er også årsak til at mange av dei tradisjonelle samlingane i barnehagane gjennom hausten 2020, i adventstida og vinter/vår 2021 ikkje vert avvikla som vanlig. Men, dei tilsette i barnehagane er flinke og finn nye måtar å organisere både kvardagen og møteplassar på.

Les meir om gult og raudt nivå.

Slik situasjonen er no kan ei endring til raudt nivå brått skje. Sjølv om barnehagane har beredskap og planar for dette, ynskjer vi å informere litt om kva det betyr.

 

Opningstid

Den aller viktigaste endringa for føresette dersom ein barnehage/alle barnehagane må over på raudt nivå er endring av opningstida. Ved raudt nivå må barnehagen ha ei avgrensa opningstid på maks 7,5 timar. I Ørsta betyr det tida mellom 08.00 og 15.30.

Føresette som kan levere og hente seinare/tidlegare må melde frå om det ved førespurnad. Den einskilde barnehage vil gi meir info om korleis bringing og henting skal skje, då dette er ulikt frå barnehage til barnehage. God dialog mellom barnehagen og føresette er viktig!

Føresette med samfunnskritiske oppgåver, og som treng lenger opningstid, må gå i dialog med barnehagen om dette. Det å ha ein samfunnskritisk jobb er ikkje einstydande med lenger opningstid. Her må vi finne løysingar i lag.

På raudt nivå skal barnehagane etablere faste, mindre grupper med faste tilsette og samarbeid mellom kohortane skal reduserast. Dette gir utfordringar for organiseringa i barnehagen.

 

Førebuing

Barnehagane vil ha behov for å gjere praktiske førbuingar ved endring av nivå. Kor vidt barnehagen må halde stengt noko av dagen til dette avheng av kor mykje omorganisering ein må gjere. Men vi bed om forståing både for eventuell stenging ein dag/del av dag og tidlegare henting for å rigge barnehagen for eit nytt nivå. Alt blir gjort for å trygge alle i ein situasjon med meir smitte.

Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage

Følg oss