“Bra mat” i Ørstabarnehagen

Friskliv Ørsta har fått tildelt midlar frå fylket og har no hatt "Bra Mat"-kurs i Kvitveisen og Vartdal barnehage.

Kva er Friskliv?

Friskliv Ørsta er ei helseteneste som har fokus på barn og unge. Tenesta er eit samarbeid mellom ergo- og fysioterapien, helsestasjonen, folkehelsekoordinator og frisklivsrettleiar i Ørsta Kommune. Vi har arbeidd både med individuell oppfølging knytt til levevanar, men aller mest med primærforebygging ut mot barn og unge i barnehage og skule.
 

Kva er Bra Mat?

Bra mat- konseptet er utvikla av helsedirektoratet for å fremje gode kostvanar.

Bakgrunnen for dette prosjektet “Bra mat i Ørstabarnehagen” er at Friskliv Ørsta har fått midlar til vidareutvikling av Frisklivssentralen av fylket. Alle dei kommunale barnehagane fekk tilbod om å delta og det var fem barnehagar som meldte si interesse. Etter loddtrekning vart det Kvitveisen barnehage og Vartdal barnehage som fekk tilbodet. Friskliv Ørsta har utvikla eit Bra Mat kurs, som vert gjennomført ilag med barn og tilsette i barnehagane.

Det har vore lagt opp til tre kursøkter, og økta vert avslutta med eit nydeleg måltid mat borna har laga sjølv. I lag med borna ser vi på råvarene, smakar, undrar oss over og lagar ulike matrettar. Tema har vore frutkt og grønt, brød og korn og fisk og fest.

Barnehagane har sjølve hatt fokus på kosthald tidlegare, og er dyktige på tilby borna i barnehagen sunn og næringsrik mat. Det har vore spennande for både store og små og dele gode matopplevingar i lag. - Og det er ingen tvil, borna likar Bra Mat :)

 

Følg oss