Barnehagemesse: Saman om Ørstabarnehagen

Onsdag 9.10.2019 inviterer Ørstabarnehagen til stor barnehagemesse på Ørsta kulturhus.

Barnehagemessa er både ein stad der barnehagane får vise fram noko av arbeidet sitt gjennom utviklingsarbeidet «Saman om Ørstabarnehagen – verdibasert leiing,» og studiedag for dei tilsette. På kulturhuset denne dagen kjem det til å vere til saman 200 deltakarar. Av desse er om lag 170 tilsette i våre barnehagar.

Vi har også invitert utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda og kommuneansvarlige på barnehageområdet i nærliggande kommunar til å ta del på messa. Om lag 30 eksterne deltakarar har meldt at dei kjem.

Ringer i vann

Dei som skal ta del på fagdagen vil få høyre både våre samarbeidspartar gjennom tre år, firmaet Ringer i vann, og lokale førelesarar frå to av våre barnehaga.  Ørstabarnehagen har gjennom Lokal rammeplan fokus på kor viktig nynorsken er for identiteten til borna våre, og korleis dei arbeider med det skal Dalane barnehage legge fram.Å ha gode system som er enkelt å finne fram i er også viktig, og alle barnehagane i Ørsta har chromebook og nyttar Googleplattform i sitt arbeid. Dette og meir skal Hovdebygda barnehage vise til i innlegget "Pedagogisk århjul - system for det pedagogiske arbeidet

Messa er i stor grad meint som ein delingsarena for våre tilsette, men er det nokon som har lyst å kike innom i løpet av dagen, så er ein velkomne til det. Då vil ein møte tilsette som står på stand og viser fram arbeid frå sin barnehage.

 

Tidsplan

09.00 – 09.15 Opning

09.15 – 10.00 Lokalt innslag: Dalane barnehage

10.00 - 10.15 Pause

10.15 – 11.45 Ringer i vann: Vi har tid til fordjupning! Pedagogisk forankring, planlegging og dokumentasjon av store felles prosjekt i barnehagen.

11.45 – 12.45 Myldring med lunsj

12.45 – 14.15 Ringer i vann: Men kva er eigentleg kvalitet?

14.15 - 14.30 Pause

14.45 – 15.30 Lokalt innslag: Hovdebygda barnehage

15.30 - 15.45 Felles avslutning

Følg oss