Barnehagedagen - små steg for kloden

 

Tysdag 9.mars markerte barnehagane i Ørsta den årlege barnehagedagen. Tema for barnehagedagen 2021 var  “Små steg for kloden” med fokus på barnehagen sitt arbeid med natur og miljø. 

Rystene barnehage blir ein glitterfri barnehage

Rystene barnehage valde å fokusere på å bli ein glitterfri barnehage. Barnehagane i Noreg har hatt ein lang tradisjon med å nytte glitter til bursdagskroner, dekorasjonar og sanseopplevingar. Kor mange heimar i Ørsta har ikkje funne glitter i sofaen etter at deira håpefulle har kome heim frå barnehagen med fantastiske kreasjonar dei har laga i barnehagen? 

Barna i Rystene har lært om mikroplast, og kva skadar dette gjer i havet. Kvar blir glitteret av når vi har limt det på ei bursdagskrone? Vi tippar på at 50% dett på golvet, blir vaska opp og så tømt ut i sluken saman med vaskevatnet. Vi har lært om resirkulering av plast, om panting av plastflasker. Og om alt det vi kan bruke plast til, både i sko og i fleecegenser er det plast. 

Dei eldste barna i Rystene har fått høyre om gåsenebbkvalen på Sotra som måtte avlivast i 2017. Gåsenebbkvalen var 6 meter lang, det målte vi opp i barnehagen. Inni magen var det 30 plastposar, vi telte opp 30 plastposar og la dei i ein haug. Når barna fekk sjå kor mange posar det var, vart dei forundra. Men dette var ein stor kval med store plastbitar. Ei lita reke klarar ikkje ete ein plastpose, men dei kan svelgje mikroplast. Mikroplast kallar vi plast som er bittelite. Og for ei lita reke er 30 mikroplastbitar like mykje som 30 plastposar er for ein stor gåsenebbkval.

“Når fisken trur at plast er mat, og et den, drep plasten fisken. Kvalen vi lærte om, hadde ikkje plass til mat i magen, berre plast- og då døde den” sa barna i Rystene. Ungane vart så engasjerte og spurte om vi ikkje “vææær så snill fare ned på Osestranda å rydde vekk plast, slik det ikkje fer ut i havet?” Det skal vi sjølvsagt gjere. Ragnhild lova dei at neste turdag skal vi til Osestranda, og då skal vi plukke plast!

Barna telte opp 30 plastposar, like mange som var i magen til kvalen. - Klikk for stort bileteBarna telte opp 30 plastposar, like mange som var i magen til kvalen.  

Kva har vi lært?

“Vi har lært at om vi vaskar opp glitter frå golvet og tømmer ut vatnet, fer glitteret i havet og så et fiskane det” seier Daniel. 

“Vi har lært at mikroplast er små bitar av plast” seier Viktoria.

“Vi har lært at det ikkje er lov å kaste glitter i havet og i skogen” seier William.

“Vi skal ikkje kaste plastposar i havet og skogen heller” seier Shimwe.

“I Noreg er vi flinke å pante flasker å ikkje kaste dei i naturen” seier Petter.

“Vi kan lage mykje rart av plast når vi resirkulerer den. Men då må vi vere flinke å sortere plasten rett, for det vert veldig rart om vi hadde gått rundt med fleecegenser med papirermar!” seier Anders. 

 

Kva har vi gjort?

Posen med glitter blir lasta opp i restavfallskonteiner,  klar for å bli sendt til energigjenvinning på Tafjord Kraftvarme AS. - Klikk for stort biletePosen med glitter blir lasta opp i restavfallskonteiner, klar for å bli sendt til energigjenvinning på Tafjord Kraftvarme AS.Dei eldste barna har rydda lageret i barnehagen for glitter. Dei har leita i alle skuffer og skap og samla alt glitteret i ein pose. Men kvar skulle vi kaste det? Kanskje kan vi skylle det ned i vasken? «NEEEEEEI!» ropte alle ungane, «då kjem det i magen på fisken!».

Men kva skulle vi då gjere? Heldigvis er vi så heldige at vi har ein pappa i barnehagen som jobbar på RETURA. Han kunne hjelpe oss, og fekk med seg all glitteret på jobb. Der leverte han det vidare til energigjennvinning.

«Glitter er eit plastprodukt som vi ikkje klarer å lage noko nytt av. Derfor må dette til energigjenvinning», i følgje kommunikasjonsansvarleg på VØR Ina Osdal Saure. Glitteret Rystene barnehage har levert på miljøstasjonen vil dermed gjere nytte for seg gjennom straum og varme til bustadar på Sunnmøre. På denne måten blir glitteret handtert riktig, og vi unngår at det hamnar stadar det ikkje skal. 

Barnehagedagen 2021 vart eit vendepunkt i Rystene barnehage si historie som frå no av er ein glitterfri barnehage. Vi tek små steg for kloden - saman!

 

Tekst og foto av Borgny Ottestad, Styrar Rystene barnehage.

Følg oss