Visste du at ein åttiåring er like trenbar som ein trettiåring?

Bilete frå tidlegare "Bakk-Ola-maraton".10. mai er «Move for Health Day», på norsk kalla både Verdensdagen for fysisk aktivitet og Verdas aktivitetsdag. Vi rettar merksemda mot effektane av fysisk aktivitet som kjelde til glede, overskot og helsegevinstar ved å førebyggje ikkje-smittsame sjukdomar som til dømes diabetes type 2 og hjarte- og karsjukdomar.

For lite fysisk aktivitet er ei av vår tids største folkehelseutfordringar. 
 

 Aktivitetstilbod for born og unge

 Aktivitetstilbod for vaksne

 

Kvifor fysisk aktivitet?

Fysisk aktivitet fremjar helse, gjev overskot og er eit viktig og veldokumentert verkemiddel i førebygging og behandling av over 30 ulike diagnosar og tilstandar. Ei rekke helsegevinstar ved regelmessig fysisk aktivitet i alle aldrar er kjende.
 
Helsedirektoratet har utarbeida nasjonale råd for fysisk aktivitet og stillesitting. Born og unge bør vere fysisk aktive 60 minutt kvar dag, medan vaksne og eldre 30 minutt dagleg eller minst 150 minutt pr. veke. Aktiviteten bør gjere oss minst lett andpustne.  
 
For born er regelmessig fysisk aktivitet naudsynt for normal vekst og utvikling. Spedborn bør bli stimulert til aktivitet i høve utviklingsnivå. Dei minste borna er naturleg aktive, men både foreldre og barnehagar bør passe på at aktiviteten er tilstrekkeleg, allsidig, artig og får godt opp pulsen. Aktivitet tidleg i livet legg til rette for rørsleglede resten av livet. Fysisk aktivitet har positiv effekt på psykisk helse, konsentrasjon og læring. Stillesitting bør vere avgrensa. 
 
For vaksne (18-64 år) kan regelmessig fysisk aktivitet førebygge plager, og er ei viktig kjelde til helse, livskvalitet og overskot i kvardagen. Aktivitet gjev positive gevinstar gjennom heile livsløpet, og det er aldri for seint å starte. 
 
For godt vaksne (65+) er regelmessig fysisk aktivitet ein universalmedisin som førebygg plager, og er ei viktig kjelde til livskvalitet, overskot, sjølvhjelp i kvardagen og god helse. Det er aldri for seint å kome i gong. Visste du at ei hovudårsak til at så mange eldre er i dårleg form er at dei er for lite fysisk aktive? 

All rørsle er positiv. Kvardagsaktivitet som hus- og hagearbeid, trappegåing, aktiv transport og jamne pausar med aktivitet i løpet av skule- og arbeidsdagen, er viktig for å redusere stillesitting og auke aktiviteten.
 
 

Markering av 10. mai i Ørsta

Ørstabarnehagen og Ørstaskulen er oppmoda om å markere verdas aktivitetsdag. 

Tradisjonen tru arrangerer Ørsta kommune, ilag med fleire samarbeidspartar, ”Bakk-Ola-maraton” ved Aktivitetssenteret onsdag 9. mai, sjå annonse.

 

”Bakk-Ola-maraton” for gåande og rullande
 

Aktivitetssenteret onsdag 9.mai kl.11.00

  • Kl 11.00: Ordføraren opnar arrangementet
  • Seniordans
  • Felles oppvarming med instruktør
  • Tur
  • Musikk ved Volda toradarlag

 

Open kafé frå kl.10.30-14.30

Sal av brennsnut, kaker/kaffi

 

”Bakk-Ola-maraton” vart arrangert første gong i 2013, og var ein suksess med nærare 200 deltakarar. Volda Toradarlag vil stå for musikken. Vi oppfordrar at dei som kjem for å delta på Bakk-Ola-maraton nyttar aktiv transport.

Arrangementet Bakk-Ola-maraton 9.mai er for alle, uavhengig av alder, fysisk form og funksjonsnivå. Vi vonar markeringa vil inspirere til fysisk aktivitet, og at ein vil møte likesinna som vert med på felles fysisk aktivitet, som til dømes å gå tur på Daleteigane, Hovdeåsen eller kanskje ein Stikk UT! tur. www.stikkut.no

 

Vonar fleire vil finne gleda av å vere i rørsle saman!

 
 

Følg oss