Vigsle i kommunen

Ekteskapet.jpg - Klikk for stort bilete

Frå 1. januar 2018 kan du gifte deg borgarleg i kommunen. Her i kommunen er det ordførar Stein Aam, varaordførar Karen Høydal, rådmann Wenche Solheim og assisterande rådmann Eldar Øye, som har mynde til å utføre vigsle. Det er kommunestyret som avgjer kven som har mynde til å vigsle.

Kommunen tek over borgarleg vigsle

Tilbodet er gratis så lenge du vil gifte deg i lokala kommunen tilbyr, og innan vår opningstid. 

  • Om du har ønskje om anna lokale/pynt enn det kommunen tilbyr, eller andre ting (musikk, diktlesning e.l.) må du ordne og betale dette sjølv.
  • Om du har ønskje om å gifte deg utanfor opningstida, vert du fakturert for dette.
  • Om du har andre ønskje utover retningslinene kan kommunen krevje gebyr tilsvarande ekstrakostnader.

Dette fagområdet er nytt for oss, vi takkar for forståing for at rutiner rundt dette kan bli endra undervegs.

Søknadsskjema

 

Retningslinjer for kommunal vigsle

Kommunestyret vedtok 14.12.17 at:

1) Den kommunale vigsleretten vert i Ørsta utført av ordførar, varaordførar, rådmann og assisterande rådmann.
 
2) Vigsle kan i utgangspunktet finne stad i kontortida på vekedagar. Vigsletidspunktet vert fastsett etter dialog på førehand mellom brudefolket og vigslaren.  
 
3) Vigsel i andre lokale/andre stader og til tidspunkt utanfor ordinær arbeidstid må avtalast med vigslaren, og der kommunen fakturerer dei faktiske utgiftene.
 
4) Det administrative ansvaret for vigsleordninga vert delegert til rådmannen. Rådmannen får i oppgåve å legge til rette for at vigslane kan finne stad innanfor verdige rammer og å lage utfyllande retningsliner i samsvar med dei føringane som er gjevne. 
 
 

Korleis går eg fram for å ordne med nødvendige papir?

Skjermbilete av nettsida til skattetaten. - Klikk for stort bileteSkjermbilete av nettsida til skattetaten.

 

Skatteetaten har ein god hjelpar i ekteskapet steg for steg. Her kan du følgje den formelle prosessen for å inngå ekteskap i Noreg, eller du kan gå rett til det punktet du er mest interessert i.

 

 

 

Skifte namn?

Om du skal skifte etter- eller mellomnamn i høve giftarmålet må du hugse å søke om namneendring. Hugs at ved namneendring må du oppdatere legitimasjon som t.d. bank-ID, bankkort, førarkort og pass:

 
Sist endra 12.01.2018
Fann du det du leita etter?

snakk med oss.png

Eldar Øye Ass.rådmann
70 04 97 32
@ Eldar Øye
Servicekontoret .
70 04 97 00
@ Servicekontoret .

Følg oss

Gode lenkjer

Login for redigering