Vi har opna biblioteket igjen!

Klikk for stort bilete

Nye opningstider som gjeld ut skuleåret, dvs. til 21. juni:

  • Måndag og torsdag kl 12-19
  • Tysdag kl 12-16

 

Grunna smittevernsreglane er opningstidene redusert.

For å kunne halde biblioteket ope på ein trygg måte, ber vi våre gode gjestar om dette :

  • Returnere lånte bøker i innleveringskassa og ikkje på skranken.
  • La vere å besøke biblioteket om du ikkje er heilt frisk. Be heller ein ven eller eit familiemedlem om å hente boka for deg :) 
  • Bruke handsprit når du kjem inn i biblioteket. 
  • Halde minst 1-meter avstand til både andre besøkjande og bibliotektilsette
  • Maksgrense på antal personar om gongen er 15. Vi som jobbar på biblioteket held orden på dette.

Til barnefamiliar som gjerne vil kome i litt større flokk, er det mogleg om de avtaler på førehand. Fredagar mellom kl 10 og 15 er det anledning for dette. Send oss ein  e-post: post@folkebiblioteket.no, melding på facebook eller ring 700 45 520 for å avtale besøk.

På biblioteket kan du:

  • Låne som vanleg.
  • Lese aviser.
  • Bruke biblioteket sine pc’ar nærast inngangen, for utskrift.
  • Bruke eigen pc ved eit ledig bord bakerst i lokalet.

Dette er anleis no:

Vi har fjerna vatn-dispensaren, dei fleste av brukarPC’ane og mange sitjeplassar.
Lokalsamlinga er ikkje tilgjengeleg, men vi henter bøker etter ynskje.

Vi ynskjer alle våre lånarar velkomne til biblioteket!