Verdas aktivitetsdag

 


10. mai er det verdas aktivitetsdag. All aktivitet tel, så kvifor ikke starte med meir kvardagsaktivitet idag?

Hadde fysisk aktivitet vore ein pille…

«Eg har ein pille til deg. Den vil gi deg eit lengre og betre liv, den vil halvere risikoen din for demens, depresjon og diabetes og i tillegg gjer den deg meir intelligent, den betrar stressmeistringa, aukar hukommelsen, betrar merksemda, den er gratis, den er fri for biverknadar. – Vil du ha den?» Hjerneforskar Ole Petter Hjelle bruker å spørje pasientane sine om dette.

Dei fleste veit at fysisk aktivitet er bra for helsa vår. Likevel er 75 prosent av den norske befolkninga enten heilt inaktive eller ikkje aktive nok til å få helsegevinst.

Verdens aktivitetsdag

Verdens aktivitetsdag, eller «Move for Health Day»,  er ei internasjonal markering av fysisk aktivitet som markerast 10. mai kvart år. Gro Harlem Brundtland, tidligare leiar for Verdens helseorganisasjon (WHO), etablerte Verdens aktivitetsdag i 2003. 

Verdens helseorganisasjon (WHO) sine mål for dagen er å auke bevisstheta i befolkninga av dei gode effektane av fysisk aktivitet, førebygge livsstilssjukdommar, auke deltaking i aktivitet og styrke helsefremjande åtferd og livsstil i eit vidt perspektiv.

I dagens samfunn er det "lett" å være inaktiv. Både bevisste og ubevisste val i ein kvardag prega av "tidsklemma", snyt oss for naturlig kvardagsaktivitet.

Verdens Helseorganisasjon (WHO) anbefalar vaksne minst 30 minutt aktivitet dagleg med moderat intensitet, der ein blir litt sveitt og andpusten.

Små, bevisste endringar vil gjere deg meir aktiv i ein travel kvardag. Du kan for eksempel gå trapper i staden for å ta heis, gå eller sykle i staden for å kjøre bil. Du kan velge ein parkeringsplass eller eit busstopp lenger unna, gjere hagearbeid, koste gårdsplassen, måke snø osv. Kanskje kan fysisk aktivitet og samvær med familie og venar kombinerast? Eller kan du planlegge å være fysisk aktiv medan ungane er på fritidsaktivitet??

Forhaldet mellom fysisk aktivitet og helse karakteriserast ved eit dose-responsforhold som betyr at jo meir du bruker kroppen fysisk i kvardagen, desto større er helsegevinsten, i følgje landsforeininga for hjarte- og lungesjuke.

Type aktivitet og intensitet kan variere frå person til person, ut fra alder, sjukdom, funksjonsnivå, mål og ikkje minst interesser. Men ALLE har forbetringspotensiale!

Det er faktisk slik at dei med det dårligaste utgangspunktet er dei som vil merke den største framgangen på kort sikt.

All aktivitet tel, så kvifor ikkje starte med meir kvardagsaktivitet I DAG?

Vi heiar på deg! 

Folkehelsekoordinatoren i Ørsta har laga oversikt over alle aktivitetstilboda som finst i kommunen. Her finn du oversikt over aktivitetstilbod for born og unge og vaksne og eldre. Kanskje finn du noko som passar nettopp deg.


– Ergo, fysio og friskliv.

Følg oss