Velkomne til minnemarkering 22. juli i Laguneparken

Klikk for stort bileteMinnemarkering i 2016 med varaordførar Karen Høydal
22. juli 2011 opplevde vi det verste terrorangrepet på norsk jord sidan andre verdskrig. 77 menneske vart drepne i regjeringskvartalet og på Utøya.

Terroren kom ikkje utanfrå, det var ein av våre eigne. Vi må kvar dag arbeide for ytringsfridom, likskap, fellesskap og menneskerettar. Vi må ikkje ta det for gitt. Det er åtte år sidan tragedien, og Ørsta kommune vil ha ei enkel markering med blomenedlegging ved 22. juli-minnesmerket i Laguneparken måndag 22. juli kl. 11.30.
 

Alle som ønskjer å vere til stades er velkomne!