Velkommen til ein hyggelig familiekveld UTE

Hovdevatnet - Klikk for stort bilete Sunnmøre Friluftsråd



Stad: Hovdeåsane, gapahuk ved Hovdevatnet (mogleg parkering ved Hovden skule)
Dato: 05.12.2018, kl 18-19:30 
Aktivitet: Bålkos med “kvissrefleksløype”

Sunnmøre friluftsråd og Ørsta kommune inviterer til ein utekveld for alle, uansett alder. Vi tenkjer: desto fleire, dess betre. Vi fyrer opp bål, byd på varm drikke og eit hyggeleg samlingspunkt. bli med på ei kvissløype ved Hovdevatnet. Dette vil bli ein ny variant av den kvissen ein vanlegvis kjenn til, så dette blir spanande.

Del gjerne med andre som kunne tenkt seg ein kveld ute. Ta med deg vener og bekjente, ein kopp, haudelykt, sitteunderlag og gode klede, kanskje til og med ei nisselue (?) Er du svolten, ta med noko å grille! Vi ser fram til ein hyggeleg desemberkveld ute i frisk luft!

Fann du det du lette etter?