KORONAINFORMASJON

Samleside om koronaviruset  |  Bestill time til koronatest 

Varsel! Vegen frå Selbervika til krysset ved Hovdevatnet er stengt inntil vidare grunna uvær.

Velkomen til 8.klassekveld på Kaihuset!

Tysdag 20. og torsdag 22. oktober inviterer Kaihuset til open kveld for åttandeklassingar, kl. 18.00 - 21.30.

Klikk for stort bilete 

Vi ynskjer å vise fram huset til dei nye åttandeklassingane, så desse to kveldane vert det berre ope for åttandeklassingar. Inngang er sjølvsagt gratis!

Det vert turneringar i FIFA, biljard og AirHockey, DJ-kurs, omvising på Kaihuset, quiz, pizza, loddtrekning, konkurransar og mykje anna moro.

Vi følgjer strenge korona-tiltak på Kaihuset. Dei viktigaste tiltaka er:

  • Max 50 besøkjande, alle registrerast med namn og telefonnummer
  • Dei som er sjuke må halde seg heime
  • God hand- og hostehygiene
  • Avstand mellom personar, minst ein meter

For å ha oversikt over kor mange som kjem, ynskjer vi oss påmelding på førehand. Det kan du gjere med ei melding til Kaihuset Ungdomshus på Facebook, Instagram, Snapchat eller sms til 48100813 (Martin). Bli gjerne med på begge kveldane!

Vi håpar å treffe deg på Kaihuset tysdag 20. oktober og torsdag 22.oktober kl.18.00 - 21.30.

Helsing crewet og dei tilsette på Kaihuset.

 

Fredag 23. oktober vert det open hall i Ørstahallen kl.18-22 for all ungdom mellom 13 og 18 år. Velkomen til ein sosial kveld med leik og idrett.

Følg Kaihuset på Facebook for info og andre arrangement.