Vedteken plan: Detaljreguleringsplan for Pe-garden bustadfelt B2

2017-03-17_1026.jpg - Klikk for stort bilete

Ørsta kommunestyre har vedteke detaljreguleringsplan for Pe-garden bustadfelt i Hovdebygda jf. pbl §§12-12.

Planen legg til rette for nye bustadtomter og konsentrerte areal, samt fortau langs Ytrehovdevegen frå Ervingen til Hovden møbel.

Plandokumenta er tilgjengelege i kommunen sitt planinnsyn. Gå alternativt til www.ørstakart.no, og sjå under "nyleg vedtekne planar". Dokumenta er også tilgjengelege på Ørsta rådhus.

Godkjenninga kan påklagast innan 3 (tre) veker. Ei ev. klage må vere grunngjeven og skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men skal sendast til Ørsta kommune, plan- og utviklingsstaben, 6153 Ørsta. Klagen kan også sendast som e-post til postmottak@orsta.kommune.no, og merkast med saksnummer 2015/1708.

Godkjend plan er bindande innanfor planområdet, for alle arbeid og tiltak som er nemnde i §§ 20-1 og 20-2 i pbl. Det same gjeld frådeling og annan bruk som kan vanskeleggjere gjennomføringa av planen.

Krav om erstatning etter § 15-3 eller krav om innløysing etter § 15-2 må vere sett fram seinast tre - 3 - år etter denne kunngjeringa, eller tre - 3 - år etter at eventuelle byggverk er fjerna. Slikt krav skal ein rette til kommunen.

Sist endra 17.03.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering