Vedteken plan: Detaljreguleringsplan for E39 Moldvikneset - Masdal

2017-06-21_0959.jpg - Klikk for stort bilete

Ørsta kommunestyre har vedteke detaljreguleringsplan for E39 Moldvikneset - Masdal

Føremålet med planarbeidet er å betre trafikktryggleiken på strekninga gjennom m.a. å rette ut spesielt to kurver, auke breidda på vegen og betre samsvaret mellom horisontal- og vertikalgeometri. I tillegg vert det lagt opp til å justere busslommene og avkøyrsler.
 
Plandokumenta er tilgjengelege i kommunen sitt planinnsyn. Gå til www.ørstakart.no, og sjå under «nyleg vedtekne planar». Dokumenta er også tilgjengelege på Ørsta rådhus. 
 
Godkjenninga kan påklagast av dei som har rettsleg klageinteresse innan 3 (tre) veker. Ei ev. klage må vere grunngjeven og skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men vert å sende til Ørsta kommune, plan- og utviklingsstaben, 6153 Ørsta. Klagen kan også sendast som e-post til postmottak@orsta.kommune.no, og merkast med saksnummer 2012/1192.
 
Godkjend plan er bindande innanfor planområdet, for alle arbeid og tiltak som er nemnde i §§ 20-1 og 20-2 i pbl. Det same gjeld frådeling og annan bruk som kan vanskeleggjere gjennomføringa av planen.
 
Krav om erstatning etter § 15-3 eller krav om innløysing etter § 15-2 må vere sett fram seinast tre - 3 - år etter denne kunngjeringa, eller tre - 3 - år etter at eventuelle byggverk er fjerna. Slikt krav skal ein rette til kommunen.
 
Sist endra 23.06.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering