Vassavstenging i Hovdebygda måndag kveld

Klikk for stort bileteGrunna arbeid på kommunal vassleidning blir vatnet avstengt for abonnentar i delar av Hovdebygda måndag 27. januar.

Avstenging vil vare frå om lag kl. 22.00 og halde fram til arbeidet er ferdig innan om lag kl. 06.00 neste dag.

Abonnentar som blir råka av avstenging vert varsla med SMS og talemelding. Dersom drikkevatnet har farge når det kjem attende, lat vatnet renne til det er klart. Nytt då tappepunkt nærast mogleg inntakspunkt.