Varslingstest 2. mai

Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending. ÅTB skal no teste systema, som er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane.

Torsdag 02. mai mellom kl. 15.00 – 15.30, vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingssystema.

Dette inneber at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til din telefon. I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjeld sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommune, samt delar av Sykkylven kommune.  

Det vil være mogelegheit for å gi oss tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking.

Aknes.no

 

Vi oppfordrar til å informere borna om denne testen på førehand. 

Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette. ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt ras blir utløyst. 

Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no / 48503988
 

Følg oss