Varslingsplan: Opprusting av Ytre-Hovdevegen

Klikk for stort bilete Volda Maskin AS startar arbeidet med opprusting av Ytre-Hovdevegen i dag 8. januar. 

Ørsta kommune har inngått kontrakt med Volda Maskin AS for å oppgradere vegen langs Hovdevatnet fram til Badeplassen, denne vegen er ein dårlig grusveg som vi tidvis har høge kostnader med å vedlikehalde (t.d teleløysing). I oppdraget no ligg det inne at vegen skal få fastdekke, gatelys, rekkverk og fleire møteplassar, vidare skal det komme eit moderne sanitæranlegg på badeplassen som er tilpassa universell utforming. I tillegg vil bebuarane i området kunne fjerne gamle septik/ slamtankar og vi får alt avløpsvatn til reinseanlegget i sentrum. Vegen har i dag ein fartsgrense på 80 km/t på delar av strekket, dette blir no skilta på nytt til  50 km/t heilt ut til Eiksundsambandet. Ørsta kommune har hatt ein god og positiv dialog med grunneigarar i høve dette prosjeketet og vi ser fram til at arbeidet blir ferdig rundt ferien 2020.

Dessverre blir konsekvensen av utføringa av arbeidet at vi må stenge vegen for gjennomkøyring i byggetida. Det vil alltid vere muligheit for omkøyring, men for sikkerheita sin del så stenger vi for gjennomkøyring for køyrety og for mjuke trafikkantar i dei områda som til ein kvar tid er under arbeid.