Varsel om planoppstart og offentleg ettersyn av planprogram

Kommunedelplan for levekår.jpg - Klikk for stort bilete

Ørsta kommune varslar oppstart av planarbeid for kommunedelplan for levekår, jf pbl. § 11-12.  Framlegg til planprogram er sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, jf. pbl. § 11-13.

Formål med planen er å få oversikt over levekårsfeltet og skape felles forståing for levekårsutfordringar i Ørsta kommune. Det systematiske og løpande folkehelsearbeidet er sentralt i denne tilnærminga.

Planprogram gjer greie for planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad, skildring av kva planen skal innehalde og behov for utgreiingar.

Planprogram kan du lese her.

Innspel og merknader til planprogram skal vere skriftlege og sendast til: postmottak@orsta-kommune.no, eller Ørsta kommune, plan- og utviklingsstaben, 6153 Ørsta, og merkast med saksnr. 2017/293.

Merknadsfrist er fredag 12. mai 2017.  

Sist endra 31.03.2017
Fann du det du leita etter?

Følg oss

Login for redigering