Varsel om oppstart: Områdeplan for B10 - Fremre Mo

3d-foto.jpg - Klikk for stort bilete

Ørsta kommune varslar oppstart av arbeid med områdeplan for B10 - Fremre Mo jf. pbl §§12-2 og 8

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for område med einebustader og konsentrerte bustader, samt turvegar og grøntområde, og ny hovudsamleveg frå Øvre Mo til fv655. I tillegg er gang- og sykkelveg langs fylkesvegen med i planområdet. Deler av eksisterande høgspentlinje må leggast om som følgje av utbygginga.

Plandokumenta er tilgjengelege i kommunen sitt planinnsyn. Gå eventuelt til www.ørstakart.no, og sjå under "planar til høyring". Dokumenta er også tilgjengelege på Ørsta rådhus og på nettsida til Ose ingeniørkontor (www.oseing.no).

Merknader til planframlegget kan sendast til Ørsta kommune, plan- og miljøavdelinga, 6153 Ørsta, som e-post til postmottak@orsta.kommune.no, eller sendast direkte frå kartportalen innan 29.04.17 og merkast med saksnummer 2016/426.

Sist endra 17.03.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering