Varsel om oppstart: Detaljreguleringsplan for hovudsamleveg i Smådalane

2017-04-21_1329.jpg - Klikk for stort bilete

 Ørsta kommune varslar oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for hovudsamleveg i Smådalane på Ose.

Hovudføremålet med planarbeidet er å utarbeide reguleringsplan for ny hovudsamleveg mellom Melsvegen (Fv57) og Hansholen. Vegen vil inkludere gang-/sykkelveg og tilknyting av kryssande vegar. Planområdet gjeld eigedomar vist på kartutsnittet nedanfor. Arealet omfattar om lag 23 daa.

Det varsla planområdet omfattar ei sone utanfor sjølve vegen, men planen vil truleg verte avgrensa til sjølve vegkonstruksjonen, tilhøyrande kryss og vegtilknytingar mv. som er naudsynt for veganlegget. Andre føremål kan kome til under planprosessen.         

Tiltaket er vurdert til å vere av ein slik karakter at det ikkje er naudsynt med planprogram og/eller konsekvensutgreiing etter PBL §§ 4-1 og 4-2.
 
Planen vert  utarbeidd av Ørsta kommune med AG Plan og Arkitektur AS som planfagleg konsulent.
 
Grunneigarar, off. mynde og organisasjonar vert varsla i eige skriv. Plandokumenta er tilgjengelege i kommunen sitt planinnsyn. Sjå www.ørstakart.no, under «planar til høyring». Dokumenta er også tilgjengelege på Ørsta rådhus.
 
Innspel til forvarslinga kan sendast til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, som e-post til postmottak@orsta.kommune.no, eller sendast direkte frå kartportalen innan 03.06.17. Innspel merkast med saksnummer 2017/588.
 
Sist endra 21.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering