Varsel om oppstart: Detaljreguleringsplan for Grønnevetbakkane

2017-04-06_0946.jpg - Klikk for stort bilete

AG Plan- og arkitektur har varsla oppstart av arbeidet med detaljreguleringsplan for Grønnevetbakkane på Vartdal.

Målet med planarbeidet er å leggje til rette for utvikling av planområdet i samsvar med dei føringane som er
gitt i kommunedelplan for Vartdal. Detaljreguleringa skal legge til rette for bustader og næring innanfor
område S2 og bakanforliggande bustadområde i kommunedelplan for Vartdal. Planområdet er lokalisert
sentralt på Vartdal ved E39. Området er ikkje tidlegare regulert men i kommunedelplan for Vartdal (godkjent
20.04.2006) er vist areala viste som sentrumsområde og bustadområde mm. Planområdet gjeld eigedomar
vist på kartutsnittet nedanfor. Arealet omfattar om lag 10 daa.
 
Aktuelle reguleringsføremål er bustader med tilhøyrande anlegg (bustad og areal til leikeplass),
forretning/kontor, leikeplass, parkering, samferdselsanlegg (veg med tilhøyrande areal) og ulike
omsynssoner (t.d. frisiktsoner i kryss). Fleire føremål kan kome til undervegs i reguleringsprosessen som
følgje av saka si gong.
 
Tiltaket er vurdert til å vere av ein slik karakter at det ikkje er naudsynt med planprogram og/eller KU etter
PBL §§ 4-1 og 4-2.
 
Tiltakshavar er Knut Grønnevet. Utførande konsulent er AG Plan og Arkitektur AS.
 
Grunneigarar, off. mynde og organisasjonar vert varsla i eige skriv. Varslingsdokumenta er tilgjengelege planinnsynet til kommunen.
 
Innspel til planarbeidet skal vere skriftlege og sendast til AG Plan- og arkitektur AS, Webjørn Svendsengate 12, 6150 Ørsta, eller firmapost@agplan.no innan 22.05.2017. Epost/skriv skal vere merka "Reguleringsarbeid Grønnevetbakkane på Vartdal, Ørsta kommune.
Sist endra 06.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering