Vaksinering torsdag 20. januar - drop-in
Pixabay
Torsdag 20. januar er det vaksinering frå 09.00-17.30 . Vi har per no 853 stk som har timavtale, men vi har kapasitet til fleire. Dei som fekk andre dose tom 03.09.21, kan kome for tredje dose. Hjerteleg velkomen på DROP-in fram til 16.30. Vi har både Pfizer og Moderna, så ein kan velje mellom disse så langt lageret rekk.
Vi tilbyr også influensavaksinering. Målgruppene per no er tilsette i barnehage og skule, teknisk etat, renovasjon, vann og avløp og beredskaptilsette. Det bør gå 1 veke mellom Covid – og influensavaksina.
Har du symptom eller har smitte i husstanden, må du utsette eller endre timen din via HelseNorge. Nærkontakter uten symptom kan kome.
Publisert av Elisabeth Sæbønes
Sist endra 19.01.2022 15:26