Utlånssentralen blir til BUA

bua.no

Ved hjelp av midlar frå Bufdir fekk Ørsta kommune hausten 2023 signere avtale med BUA! 

BUA står for barn-unge-aktivitet, og er ei ideell stifting som samlar heile landet sine utlånssentralar under ein paraply. 

Mange veit det har vore utfordringar knytt til lokale for utlånssentralen, men med god hjelp av Røde Kors har vi fått halde dørene opne i skisesongen, stor takk til dei! 
 

Returnér lånt utstyr

No må vi halde dørene stengt ei lita stund mens vi gjer om til digitalt system.  Vi ber difor om hjelp frå deg som har lånt utstyr om å returnere dette til oss snarast råd, slik at arbeidet går litt raskare. Utlånssentralen held stengt i perioden vi får kursing og arbeidet med å digitalisere utlånssystemet pågår. Kontakt Småjobbsentralen på tlf. 902 54 673 / 907 35 122 for å avtale tilbakelevering av utstyr.
 

Nye rutinar og betre system

Det vil verte heilt nye rutinar for utlån etterkvart, men forhåpentlegvis vil du som lånetakar få ein mykje betre låneoppleving med oss! Vil du vite meir om BUA? Sjekk gjerne ut BUA.no

Vi gler oss! 

 

Og du? Har du lyst å vere frivillig i med oss i BUA Ørsta? 

Ta kontakt med Rebecca Riise i Frivilligsentralen 913 13 572 eller Stine Riise i tenesta for psykisk helse 902 54 673. 

Kontakt

Rebecca Riise Bjerknes Leiar Ørstahallen og Frivilligsentralen
91313572
@ Rebecca Riise Bjerknes
Stine Terese Vatne Riise miljøterapeut/ergoterapeut
90254673
@ Stine Terese Vatne Riise

Følg oss