Ungdomsrådet har gleden av å utlyse ungdomsmidlar

Ungdomsrådet i Ørsta.jpg - Klikk for stort bilete

Ungdomsrådet i Ørsta vil årleg dele ut «Ungdomsmidlar».  Storleiken på beløpet vil årleg verte regulert av dei kommunale tildelingane til ungdomsrådet.

Ungdomsrådet ønskjer at midlane skal bidra til auka aktivitet og engasjement. Vi  håper at du som har planar eller draumar om prosjekt retta mot barn og unge i Ørsta vil søkje.

Tilskot frå ungdomsmidlane vert gitt til nye prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement i Ørsta kommune. Det vert ikkje gitt støtte til løn og faste driftsutgifter.

Søknadsfrist:  15.mai

Elektronisk søknadskjema finn du her

Retningslinjer for ungdomsmidlar i Ørsta

  1. Ungdomsrådet i Ørsta vil årleg dele ut «Ungdomsmidlar».  Storleiken på beløpet vil årleg verte regulert av dei kommunale tildelingane til ungdomsrådet.
  2. Tilskot frå ungdomsmidlane vert gitt til nye prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement i Ørsta kommune. Det vert ikkje gitt støtte til løn og faste driftsutgifter. Midlane skal søkast på innan fastsett frist.
  3. Søknad skal sendast til ungdomsrådet på eige skjema som vert lagt ut på facebook-sida til Ørsta ungdomsråd, www.orsta.kommune.no og på servicekontoret på rådhuset i Volda.. Skjema vert også sendt ut til skulane i kommunen når midlane vert marknadsført.
  4. Ungdomsrådet skal marknadsføre søknadsfristen til midlane minst ein månad før søknadsfristen går ut. Søknadsfristen vert sett til 15.mai. Ungdomsrådet gjer tildelingsvedtak på sommarmøte sitt i byrjinga av juni.   
  5. Ungdomsrådet skal sende ut tildelingsvedtak omgåande etter møtet. Vedtaket skal også opplyse om frist for bruk av tildelte ungdomsmidlar og frist for rapportering av bruken.
  6. Tildelte midlar vert først utbetalt når mottakaren kan dokumentere at prosjektet er i gong eller investering er gjort.
  7. Utbetalte midlar som ikkje har vert brukt i tråd med tildelinga, eller der rapportering om bruken ikkje er tilfredsstillande, vert kravd tilbakebetalt.
  8. Ungdomsrådet vil fylgje opp prosjekt som det vert gitt støtte til og har rett til å ta tilbake utstyr som er innkjøpt frå midlane dersom det ikkje vert nytta til det planlagde føremålet.
  9. Ungdomsrådet vil ha høve til å nytte delar av midlane til eigne prosjekt dei finn formålstenelege.  
Sist endra 21.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering