Tysdag 2. juli opnar BUA i Ørsta!

bua.no

BUA står for Barn-Ung-Aktivitet, men vi har utstyr for alle aldrar. BUA Ørsta held til i midlertidige lokale i Røde Kors bygget i Strandgata. 

Korleis lånar eg utstyr?

Du må oppretta låneprofil på BUA.no før du møter opp og låner utstyr. 

Du kan lage låneprofil på BUA.no allereie no. Har du gjort dette kan du låne på alle BUA i landet (men utstyret må leverast same plass du låner). Så ein treng ikkje vente på at vi er synlege på kartet før ein lagar seg låneprofil. 

Tilbodet er gratis, og er støtta med midlar frå Bufdir.

BUA Ørsta

Opningstider

Opningstider i sommar:
Tysdag 2. juli, kl. 12.00–14.00
Onsdag  10. juli, kl. 12.00–14.00
Veke 29 - stengt
Onsdag 24. juli, kl. 12.00–14.00
Onsdag 31. juli, kl. 12.00–14.00
Onsdag 7. august, kl. 12.00–14.00
Onsdag 14. august, kl. 12.00–14.00

Til hausten blir opningstidene oppdatert. 

Reglar

Alt utstyr kan lånast for maks 7 dagar i gongen, bortsett frå i veke 29 då vi må halde stengt. Utstyr lånt i veke 28 må då leverast i veke 30. 

Gjer merksam på at utstyr som ikkje er levert tilbake i rett tid kan utløyse karantene for deg som lånetakar.

Håper å sjå deg,  velkomen!

 

Kontakt

Har du spørsmål ring BUA Ørsta på telefon 47 75 06 27 

Ev send e-post til:
Stine Terese Vatne Riise stine.terese.vatne.riise@orsta.kommune.no
Rune Strømmen på rune.strommen@orsta.kommune.no 

Facebooksida til BUA Ørsta

Følg oss