Trafikkavvikling ved teststasjon Covid 19 i Hovdebygda

Om det er lang kø for testing ber vi om at alle som skal til teststasjonen køyrer mot flyplassen, snur ved krysset mot VØR og stiller seg opp langs Torvmyrvegen mot flyplassen i staden for mot E39.

Viktig! Det er viktig at krysset mot legevakt og politi ikkje vert blokkert men at dette heile tida vert halde ope. Stopp difor ikkje bilane i dette krysset. Hald også godt til høgre i vegbana når du står i kø slik at det er god passasje for bilar i møtande køyrefelt.

På grunn av stort trykk på teststasjonen i Hovdebygda har det 30. juli 2021 blitt store køar som har gått heilt ut på E39. Det er viktig at trafikken på E39 ikkje vert hindra mellom anna med tanke på beredskap.

 

Følg oss