Tilskot til tilpassing av bustad

Tilskot til tilpassing av bustad

 

Målgruppe

Husstander eller einskildpersonar som grunna ei funksjonsnedsetting har behov for å tilpasse bustaden ein bur i. Eldre som ynskjer å gjere førebyggande tilpassingar

Søk her

Kan eg søkje tilskot?

Tilskot er ei behovsprøvd ordning, og vert i hovudsak tildelt personar som treng små eller store tilpassingar av bustaden for å bli buande. Alminneleg vedlikehald er ikkje innanfor rammene til tilskota. Målgruppa er eldre og personar med funksjonshemming og/eller sjukdom, som krev tilpassing av heimen. Kommunen sine ergoterapeutar vert nytta som faginstans for å kartlegge og vurdere endringstiltak.

Meir informasjon om tilskot på husbanken.no.


Vilkår for tilskot

Ordninga er behovsprøvd. Kommunen vil prioritere søknader der det ligg føre eit behov for tilpassing.
Storleiken på tilskotet vert vurdert ut frå tilgjengelege midlar og moglegheiter for kombinasjon med andre offentlege støtteordningar. Tilskot, evt. i kombinasjon med startlån, vert vurdert ut frå søkjar si eiga evne til å finansiere tiltaka. 


Dokumentasjon

Vanlegvis vil det verte kravd uttale frå ergoterapeut som har vurdert tiltaka i søknaden i høve søkjar sine behov for tilpassing. Opplysning om husstanden som inntekt og likning, låneutgifter, relevante helseopplysningar m.v.

For meir informasjon, sjå husbanken.no.

 

Bustadtilskot til utgreiing og prosjektering

Dersom du har behov for tilpassing av bustaden din i dag, eller i nær framtid, grunna til dømes nedsett funksjonsevne hjå deg eller anna husstandsmedlem, kan du søke om tilskot til å få utgreitt moglegheita for auka tilgjengelegheit i bustaden.

Kor mykje kan du få?

Det er kommunen som vurderer kor mykje tilskot du kan få. Tilskotet kan være økonomisk behovsprøvd og det er opp til den enkelte kommune å vurdere tilskotsutmålinga. I Ørsta kommune vert det gitt tilskot inntil kr 20 000 for utgreiing, og inntil kr 20 000 for prosjektering.

Tilskot til utgreiing

Kan gis til enkle undersøkingar av eksisterande bustad og tilkomst til bustad, vurderingar av den tekniske tilstanden på bustaden, arealbehov, moglegheiter og begrensningar, og økonomisk overslag.

Tilskot til prosjektering

Kan gis til dekning av kostnader til faglig bistand til prosjektering av både nye og eksisterande bustader, typisk arkitekthonorar eller liknande. Tilskot kan også gis til prosjektering av velferdsteknologi. Prosjektering og utgreiing skal utførast av fagkyndig.

Kven kan få tilskot til utgreiing og prosjektering?

Tilskotet vert gitt til personer som har nedsett funksjonsevne og andre som har behov for tilrettelegging av bustaden. Du vel sjølv fagkyndig, men prosjektering av bustaden og eventuell utgreiing i forkant må skje i samråd med ergoterapeut i kommunen.

Korleis søke?

Ørsta kommune har eit eige skjema som du fyller ut og sender til kommunen. I søknaden godtek du at kommunen kan innhente ulike opplysningar som er naudsynte for å handsame søknaden. Tilråding frå ergoterapeut skal ligge ved søknaden eller være ettersendt før søknaden vert handsama.

Søknadskjema